Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 16. september 2011

Påfyll

Ein har forsynt seg frå bugnande gourmetbord før ein har vunnest å tenkje ein svolten tanke. Ein har sove i himmelske hotellsenger. Ein har fått servert fagleg påfyll og kulturelle delikatesser som perler på ei snor. Ein har til tider hatt ein emmen bismak i munnen av overdådig nyting, bibliotekutvikling, salmalaks og aioli. Ein har skunda seg å fortrenge puritanaren i seg og forsynt seg på ny! I tre dagar til ende har ein fått servert, fortært, jorta og fått påfyll. Ein er framleis i modus for nyting og må bruke den næraste framtida til å leggje av seg rolla som bortskjemd bibliotekar. Ein er redd det går glatt.

Men fortsatt bortskjemd etter 5 fylkers bibliotekkonferanse i den fortryllande, trønderske hovudstad, går ein for lettvinte løysingar og fyller bloggen med nokre sitatverdige utsegn frå konferansa. Tema: Bibliotek i forandring?

- Dei som vil endrast, reiser.
- Han hadde ikkje akkurat funne opp hønsenettingen!
- Tunga er vår sterakste muskel. Ho kan slå ned og reise opp.
- Vanen slører blikket.
- Ho som kan ord, kan snakke. Ho som forstår menneske, kan kommunisere.
- Eit klapp på ryggen ligg berre nokre få ryggvirvlar frå eit spark i baken. Resultatet blir ofte betre!

Høyr det høgst sjarmannte studentkoret Pirum hylle...Det sterkeste kjønn! Vi har dagens dirigent mistenkt for å ha trakka sine studiespesialiserande sko her på huset. Go hælg, sjø!

Bortskjemd bibliotekvinne: Rita

2 kommentarer:

  1. Godt å sjå at du har fått både fagleg og fysisk ballast med heimat! ;-)

    SvarSlett
  2. Jau da, Brandsar. Det gjer seg med ein tur til Trondhjæm iblant, sjø! Skjønar ikkje kor mykje ballast du må få! Og da tenkjer eg fyrst og fremst fag, mustasj og skinnvæst! Glær mæ!

    SvarSlett