Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 13. september 2011

Stemningsrapport frå omnskroken

Hausten krek gråkald nedover fjellsidene og trer skoddehatten tungt over grantrea. Tytingen blenkjer vinraud og saftig mot oss med blanke dropar balanserande på issen. Bjørkeskogen er stussleg soppsnau å sjå til, og lubne lam dreg uvitne og godtruande mot bygda etter ein feit sesong i fridom. Kyrne ligg dorske og urtar om att dei siste fjellstråa medan høge toppar skjer knivskarpe silhuettar mot bleik himmel.  Det har sin sjarm også dette, trass i at myrketida kryp innåt. Men det likaste av alt -den mjuke, svakt gjennomskinlege røyken som dansar ringdans frå pipene i skumringa.

Drøvtyggjande stille medan sesongen er på hell.

Kvervilen som ringlar sakte gjennom piphòlet gjev assosiasjonar til omnskroken heime, til peiseld og varm lade, som dei gamle heime kalla vinterdrikken. Til kunstferdige vedstablar og tunge løft frå uthuset. Og sist, men ikkje minst, til gilde bøker spekka med fantastiske opplevingar som krydrar tilveret gjennom fyringssesongen.

Varm lade...
Det er då eg tillet meg å kjenne på gleda over å få lesa barne -og ungdomsbøker att. Gjennom sommaren har eg skrytt av at det er den gongen i året eg les vaksenlitteratur, og kjenner meg akademisk tilfreds berre ved å kunne fortelje dette. Sanninga er at etter som ferievekene går, minkar haugen på nattbordet forsvinnande lite, bortsett frå ei og anna ungdomsbok som har snikt seg umerkjeleg inn i stabelen. Eg lengtar beint fram attende til mylderet av barnebøker, flotte illustrasjonar, ungdomsromansar og vampyrar. Dette universet fascinerar meg meir enn all elenda i vaksenlitteraturen (ja, greitt -eg har hatt nokre gedigne oppturar i vaksenverda i seinare tid også, men då har det nok stort sett vore skrive om barn...), og min jobb er i haustmyrkret det likaste å ha som base når sommarsesongen hallar og isrosene om litt kakkar på ruta att. I kveld ventar "Smaragdatlaset" ved omnskroken, noko eg gler meg inderleg på... Fyr i veg!




Barnleg bloggar: Merete

(Biletet av den varme sjokoladen er lånt her: http://koffeine.wordpress.com/2011/01/09/varm-sjokolade-2/ )

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar