Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 25. oktober 2011

Kjære alle undrande i Lom og kvarsomhelst

Verdas husflidsdag
Kva er eit bibliotek? Bibliotek tyder boklager. Bøker er naturleg nok hovudingrediensen i eitkvart bibliotek, og det å stille bøker og andre medium til disposisjon, er vår lovpålagde plikt. Men biblioteket er meir enn bøker. Biblioteket er bygninga. Biblioteket er inventaret. Biblioteket er andre medium. Biblioteket er arrangement. Biblioteket er møtestaden. Biblioteket er læringsarenaen. Biblioteket er brukarane våre. Biblioteket er dei tilsette. Biblioteket er atmosfæra.

I tillegg til ei fysisk, har dei fleste bibliotek også ei digital side. Vårt digitale tilbodet er ei heimeside og to bloggar. Fjelldiktbloggen samarbeider vi med dei andre biblioteka i regionen om, og mange andre dyktige medarbeidarar er også med og bidreg her. Den andre bloggen, som du nå sit og les, er vårt eige prosjekt som kom i gang i 2008. Etter den tid har vi skrive blogginnlegg to gonger i veka, om større og mindre hendingar på biblioteket vårt. Ingen har pålagt oss å blogge. Ingen kan påleggje oss kva vi skal blogge om. Om det stundom kan sjå slik ut, er likevel ikkje blogginga vår heilt vilkårleg.

Ein 24 timars turist i Lom gjestar biblioteket
Hovudmålet vårt som gjennomsyrar heile drifta både i det fysiske biblioteket og i våre digitale tilbod, er det å lokke folk til å bruke biblioteket. Vi skriv blogg for å gjera biblioteket synleg, cause the times they are a changing! Vi kan nå sitja i kvar vår sofa og laste ned bøker på lesebretta våre. Biblioteka er så smått i gang med utlån av e-bøker, og institusjonen vil nok bestå også etter e-bokrevolusjonen, men når teknologien opnar for enkle løysingar frå sofakroken, er det grunn til å vera føre var. Vi trur dette er den største utfordringa biblioteka har i vår digitale tid. Vi må gjera oss synlege! Vi må vera aktive! Vi må gje folk gode grunnar til å bruke biblioteket! På Lom folkebibliotek håpar vi at det å halde ein høg profil, det å stikke seg fram, Fysj og Fy!, det å prøve å syne noko av atmosfæra som pregar biblioteket, i neste omgang kan føre til at folk oppsøkjer oss. Biblioteket er ein daud institusjon viss det ikkje bli brukt! Det er difor vi bloggar.

Sjølvsentrerte bibliotekarar i Lom
Kva skal fylle bloggen? Mange bibliotek skriv reine bokbloggar. Ære vera dei for det! Vi var redde for at ein blogg som berre inneheld bokomtaler, ville bli kjedeleg i lengda. Vi var også samde om at vi ville leggje ein personleg vri på dei bokomtalene vi skreiv, fordi vi trur at det kan ha positiv effekt å lesa om korleis andre opplever ei bok. I tillegg ville vi skrive om større og mindre hendingar på biblioteket og iblant om kva som opptek oss. Blant anna er vi del av eit lokalsamfunn. Det som skjer i bygda elles, er med på å prege biblioteket også. Dette er ein alternativ bibliotekblogg. Vi ser at han kan verke navlebeskuande. Og vi er klar over at han ikkje vil appellerer til alle. Det finst veldig mange gode alternativ for dei som berre vil lesa bokomtaler. Med 52 følgjarar, gode besøkstal og positive kommentarar, har vi likevel grunn til å tru at han har si lesarskare som han appellerer til.

Vi set stor pris på at folk engasjerer seg i biblioteket og i bloggen vår. Vi vil gjerne ha attendemeldingar og innspel på det vi gjer - også kritiske! Vi set stor pris på at folk tek kontakt med oss direkte, for vi tykkjer det er litt feigt å skrive anonymt på baksida av GD. Vi kan by på kaffe og som regel ein kjeks eller sjokoladebit, viss du tek deg ein tur. Det ville vore koselegare og meir realt! Og hugs for all del: Bloggen er eit tilbod, ingen tvang!

Elles har vi for fleire veker attende, bestemt at vi berre har kapasitet til å blogge ein gong i veka. Heretter kjem nye innlegg i bloggen berre på tysdagar.

Blogghelsing: Rita

6 kommentarer:

  1. Nemleg! Berre in ørliten korreks: av og til har vi berre fuglefrø til kaffen... Velkomen innom! :-)

    SvarSlett
  2. Jeg syns det er synd at nye blogginnlegg bare skal komme én dag i uka... Dere har så mye å fare med, kan og vet så mye om så mangt.

    Om en trenger tips til bøker er det bare å spørre - kan bare referere til egen erfaring, jeg var lei av krim, lei av triste "dame-skjebne-bøker" og ville lese noe litt annerledes. Etter en prat med Merete endte jeg opp med Populærmusikk fra Vitula - ei bok jeg ALDRI hadde kommet til å lese ellers, uansett hvilken annen bokblogg eller anmeldelse jeg hadde lest.

    Dere er kjempeflinke til å markedsføre biblioteket og dere står for enormt mye mer enn det jeg (fordomsfullt?) har forventet å finne på et bibliotek.
    Skamros - kanskje - men dere fortjener det!!!!
    Eldri B.K.

    SvarSlett
  3. NEI! Bare en gang i uka! UHU!!! Ad denne: "Vi var redde for at ein blogg som berre inneheld bokomtaler, ville bli kjedeleg i lengda". Biblioteblogger som bare inneholder "nøytrale" bokomtaler ER virkelig kjedelige. Jeg er en sporadisk gjest på denne bloggen men blir aldri skuffa. Bloggpostene viser at dette er et bibliotek med et intelligent og særdeles trivelig personale som liker jobben sin, lånerne sine etc etc. Og som signaliserer at Lom folkebibliotek er et trivelig sted å være. Stå på, jenter!

    SvarSlett
  4. Takk, takk og takk for hyggelege og oppbyggjelege kommentarar! Det er nok mange som lever i den tru at biblioteket = bibliotekar som sit og låner ut bøker og det er det! Biblioteksektoren på nasjonalt, fylkes- og kommunenivå har ei kjempestor utfordring når det gjeld å setja bibliotek på dagsordenen i riksmedia og blant folk flest på ulike måtar. Måtte mange ta utfordringa! Takk, Eli! Så hyggeleg! Vi likar jobben vår veldig godt!
    Rita

    SvarSlett
  5. Eg er utfløtt lomver, men likar å følgje litt med på det som skjer i Lom. Eg er ikkje så ofte inne på bloggen dykkar, men når eg er det gler eg meg over det eg les. Eg har ikkje gd, så eg veit ikkje kva som stod i kommentaren det blir vist til. Eg er busett i ein kommune med eit minimalt bibliotektilbod (kun utlån). Det er freistande å be dei ansvarlege om å reise til Lom for å sjå. Det eg ser er engasjerte bibliotekarar, de set i gang så utruleg mykje positivt. Eg skjønar godt at biblioteket i Lom er så mykje brukt. Det er rett og slett inspirerande å følgje litt med på dykk. Som eg skriv kan eg ikkje seie noko om innlegget i gd, men eg håpar de held fram som de gjer.

    SvarSlett
  6. Takk for det, Brit Merete! Det var triveleg å høyre! Det er litt artig at de som er utfløtte lomverar og ottadølar følgjer oss her på bloggen og elles på dei sosiale media vi brukar. Det set vi stor pris på og gjev ein ekstra dimensjon til aktiviteten vår på nettet. Takk for det!
    R

    SvarSlett