Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 1. november 2011

1.11.-11

Det er rart korleis ein endrar seg med åra. Som kjerring kan eg truverdig konstatere at skinnet blir lausare, skjeggveksten blir fastare, magen heng sidare og sjølvtilliten stig høgare. Somt er bra, anna kunne ein kanskje sett hadde utvikla seg i litt anna lei. Spenst og hurtigheit avtek, medan tida derimot flyg fortare enn ein stakkar maktar knyte att skoreimene. Av og til kjennest det mest som ein ikkje passar inn korkje i kledene eller i tida.


...passar ikkje inn...
  Godt inne i det tiande året bak skranken i "storstugun" tykte eg no at eg var på høgd med det meste av datasystem innan mitt felt -eg greidde gjere meg nytte av det eg trong på eit slik vis at både lånarane og eg kunne ha utbytte og glede av det. Ein tenleg reiskap som i 2011 ikkje var til å unngå.

Ein uungåeleg, tenleg reiskap...

Då skjøna sjefen at tida var komen for låge meg nedpå att. Utlånssystemet laut oppdaterast til ny, moderne versjon, og dei tilsette måtte på kursast i nyvinninga. 1.etasje i gammelprestgarden heldt stengt ei heil veke medan sentral styring installerte oppdatert programvare, nygamle utfordringar hauga seg opp på skranken, og 3 vise kom etter kvart heim til ein ny kvardag. Proppa med ny kunnskap meinte einskilde av oss at dette kom til å bli ein smidig overgang...



Kvardagen kom derimot klaskande midt i fjeset allereie fredag. Kjensla av at teknologien alltid låg eit hakk framfor hjerneaktiviteten låg som ein ullen dott og stengde for sjølvkjensla berre rett som det var, og stort likare har det ikkje vore i dag. Tida flyg, bøkene haugar seg på tralla, nettet heng, bibliotekaren finn ikkje att kjende ikon på skjermen, og bloggen ligg knapt påbegynt og murrar i bakhovudet. Spede orsakingar til ventande kundar framved skranken held ikkje -frustrasjonen har takom til fått frese hissig ut på bakrommet, og betre har det ikkje vorte av det ertande smilet til ein stortilfreds sjef på kontoret: "Detta bli så lettvint og bra, skjøna du!" :-) !


Stortilfreds: "Lettvint og bra..."
No er døra stengd, vikaren  har rydda opp att i rotet på tralla, medan dei sjølvgode bibliotekarane har vore gjennom første bolken med triveleg seniordatakurs. Morgondagen kjem trast med nye sjansar og hjernestimulerande utfordringar -og som vanleg gler eg meg :-) God natt!



Oppdatert bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar