Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 2. september 2011

Ei tid for alt

Det er tid for for å krype langt inn under eit ullpledd i seine kveldstimar, med så lite av hendene som råd  uttafor pleddvarmen, akkurat nok til å få vendt blada i boka utan at dei hektar og blir sundrivne.

Det er tid for te med honning. Te med honning skal stå på bordet ved sida av sofaen med pleddet. Bordet skal stå så nær sofaen at du lett kan nå tekoppen, helst den store, gamle frå bokklubben du ein gong melde deg inn i, mest på grunn av dei store tekoppane.

Det er tid for pærer. Pærer på tre og pærer i tak. Spottande pærer som ikkje lyser lenger, som du må bruke kniv for å få løyst, som du er dømt til å bli både brent og blinda av når du set inn nye. Det er tid for å lesa i dårleg ljos enda ei stund.

Det er tid for lauvtankar:
 
Vil du gje meg handa ved månens skin, lauv du er -
Under open himmel. Over open avgrunn.
Som lauv
er du og eg.
Fort skjelvande,
og fort borte.
Kom - 

Tarjei Vesaas

Under pleddet: Rita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar