Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 6. september 2011

Flaumen går

Hausten står for tur, og flaumvarsel blir sendt ut rett som det regnar. Om hausten går også bokflaumen. Ein flaum av barmhjertige, samartinsk inspirerte romanar med tilhøyrande samartinsk inspirerte framsider. Du kjenner dei på coveret! Ein flaum av mord og mysterium. Ein flaum av Ragde og Knausgård & co. Ikkje noko gale sagt om bestseljarar, men dei er lette å drukne i for dessa som er små.
Overalt bor det folk
På mi vesle synfaring i bibliotek-Norge i vår, var det litt skremande å sjå at det var dei same bøkene som vart profilerte i nær sagt alle bibliotek. Opening the book-idéen har så absolutt positive sider. Istaden for at bøkene snur ryggen til lånaren, får dei synt seg frå sine beste framsider. Men biblioteka ser ut til å bli prega av kremmarverksemda i bokhandlane og bestseljarsyndromet som rår der. Det er forståeleg. Det er bestseljarar folk flest spør etter. Det er folk flest som brukar folkebiblioteka og folkebiblioteka er tilfredse med å kunne tilby folk flest det folk flest vil ha når vi har etterspurde bøker inne.

Dikt er ein av sjangrane som lett blir eit flaumoffer. Folk flest les ikkje dikt utan grunn, dei kjenner ikkje til dei nye lyrikarane og etterspør sjeldan dikt. Men finn ein melodi og tre dei på! Poesien lever i den norske folkesjela fyrst og fremst gjennom musikken. Det var difor gledeleg at Rockheim valde ut poetane Alf, Jokke og Åge som tre av dei fem første som får plass i deira Hall of Fame. Så får vi biblioteka hjelpe til så godt vi kan med å vera redningsbøyer for dei andre og hugse på dei i utstillingar og aktiv formidling.

Ein av dei unge, lovande, Thomas Marco Blatt:

DYLAN PÅ KINESISK

det heter å tenke med hodet
det heter at døden lever i kroppen
det heter at ingen overlever livet
det heter ja og det heter nei
og i byen renner det to elver
ved den ene skal du gråte
ved den andre skal du bo,
det heter at et hus ikke er et hjem
men at hjernen er et slott, hjertet er et rom
og at du kan få mitt hjerte
ettersom alt jeg trenger 
er en liten hage og et bibliotek
for å leve lykkelig,
men livet er å gå en omvei
livet er en uoversiktlig vev
hvor du lever slik døden lever
i en utkant av mitt hjerte

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar