Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 30. august 2011

Den viktige førstetouchen

Slik kan ein godt starte ei bok!

"Lost but not forgotten, from the dark heart of a dream"
Bruce Springsteen

Først etter at han er død, gir han meg eit kjærteikn. Eg lener meg over han der han ligg i den kvite senga, og stryk han, varsamt, med utsida av den høgre handa stryk eg han over den framleis varme kjaken. Eg kjenner dei stive grå skjeggstubbane hans raspa lett mot den kjenslevare mjuke huda mellom dei inste og midtarste knokane på utsida av fingrane. Varsamt, og heilt roleg, i langsame små drag, stryk eg utsida av fingrane mine mot den framleis varme venstre kjaken til far min. Stryk og stryk.  Så det er slik han kjennest ut, far min...

Utdrag frå Fjorden av Lars Ove Seljestad.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar