To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 26. august 2011

Mare

"Kæ i reine væL`n dreiv du mæ i natt?" Dei svevndrukne augo til min utkåra svarte smed plirer mot meg over tørre smuler ved maratonfrukosten. "Nei, dreiv med..." Tannhjulet under dei vasskjemde krøllene sveivar tungt i gang dei nattslitne cellene, grev rundt i grauten av medvitslause, dynevarme opplevingar frå dei siste, utkvilande timane. Vanlegvis vaknar eg med draumane etter natta levande i minnet, og kan attgje detaljerte skildringar frå ein umedvite fantasi, som til tider dreg meg med på endelause ritt inn i fjerne dimensjonar og surrealistiske sprell. Denne morgonen kjennest hovudet derimot tomt ut, før eit vagt minne sig fram i dagen...

Sakte veltar opplevinga innover meg att. Eg hugsar vagt meg sjølv kavande sveitt rundt under dyna, medan eit uhyggjeleg ul pressar seg trongt opp gjennom den tjukke halsen. Eit frykteleg, halvt kvelande skrik som ikkje får utfalda seg tilstrekkjeleg i den medvitslause tilstanden. Resultatet blir eit skremmande, langdrugt ul som vekkjer både meg og sidekameraten i grannesenga.

Før nattlampa vart sløkt kvelden før, var eg med på eit særs uhyggjeleg mord i ungdomsboka "Mus" av Gordon Reece. Ei tenåringsjente og mor hennar drap brutalt ein innbrotstjuv med fleire knivstikk og slag mot hovudet med ei marmorfjøl, eit mord så horribelt detaljert skildra at eg kjende den metalliske smaken av blod i munnen lenge etter eg hadde lagt frå meg boka. Ein psykologisk thriller som kanskje helst bør lesast i dagsljos...

I kveld lovar eg å lese den nyaste boka til Karin Brunk Holmqvist, "Sirile gentlemen søkes". Med slik munter humor og fiffige bygde -og menneskeskildringar får ein tru det er alt anna enn uhyggjeleg uling som blir servert bygdesmeden på nattestid.

Retteleg god helg!


Lettpåverkeleg bloggar: Merete

2 kommentarer:

  1. haha, jeg leste feil på boktittel og trodde det stod Virile gentlemen søkes...dette kombinert med tittel på innlegg satte hjernen i gang her! jeg har akkurat lest ut Alle mine kjære av Alice Seebold, om en jente som blir myrdet og som ser ned på familie og venner fra himmelen. Den anbefales, men er heller ikke noe som gir god nattesøvn.

    SvarSlett
  2. Hihi -siste boktittelen kan nok fort lesast litt i mist i denne samanhangen, ja :-) Hjerneaktivtet er eit sunt teikn, så det gjorde absolutt ingenting, fru Storlien! Boka du refererer til her gjev meg assosiasjonar til den fine ungdomsboka "Hvis jeg blir" av Gayle Forman. Den handlar om ei jente som etter ei bilulykke ser seg sjølv utanfrå, eller ovanfrå, og korleis ho ser attende på val ho har tatt gjennom livet. Bra lesnad! Trur eg må snuse litt på "Alle mine kjære" også -på ljos dag :-)

    SvarSlett