Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 23. august 2011

Men at høsten kajnn vær fijn

Giftstrøm
Som mi medvise venninne så smukt formulerte seg her inne for ei tid attende, har den gamle prestegarden stått i kreativitetens og arrangementskomitéanes teikn dei siste vekene. Plutseleg ein dag fall det ned i hovudet at vi, dærsken ta meg, hadde jubileum i år! Tenk eit desennium sidan biblioteket flytte inn i dette historisk susande bygget! Hjerner måtte aller snarast leggjast i blaut, for jubiléer er til for å markerast! Vi skulle likt å presentere eit fullstendig oversyn over haustprogrammet for dykkher og nå på sitjande krakk, men ein del av ballane vi har i lufta er fortsatt berre for skjøre såpebobler å rekne. Men noko er klappa for og klart:

Folkemøte
4. september: I høve kommune- og fylkestingsvalet arrangerer vi folkemøte på biblioteket sundag 4. september kl. 19.00. Ordførarkandidatane stiller for å presentere seg sjølve og fanesakene sine, diskutere aktuelle tema og svare på spørsmål frå salen. Grete Sjurgard vil vera ordstyrar og møteleiar. Ta framtida og lokaldemokratiet på alvor og møt opp!


Satellittmenneskene
Kriminelt kveldsbad
Til ære for alle dei ivrige krimlånarane våre, arrangerer vi 18. oktober kriminelt kveldsbad. Vi har vore så heldige å få med oss forfattarane Hans Olav Lahlum, Eystein Hanssen og Rune Timberlid. Alle tre har kome med nye bøker i haust. Herrane Lahlum og Hanssen har begge tilknytning til Gjøvik og Oppland. Hans Olav Lahlum har vore busett på Gjøvik sidan 1989 og Eystein Hanssen har jobba som journalist og fotograf i Oppland arbeiderblad. Rune Timberlid kjem frå andre sida av fjellet, nærare bestemt frå Førde. Vår eiga radiorøyst, NRK-journalist Reidar Kjæstad debuterer som bademeister. Hanssen og Lahlum har begge gjeve ut to kriminalromanar. Biblioteket har pr i dag tre av Timberlid sine i alt sju romanar. Laup og lån bøker av forfattarane i god tid før den kriminelle aftanen! Og kjøp signerte julegåver i oktober!

Sanct Svithuns gåte
Meir informasjon om bøkene og forfattarane følgjer litt lenger fram på ferdi!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar