Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 9. september 2011

Blubbe i våtdrakt

Alltid har eg vore drege mot dette framande. Bøker, bilete og filmar har hypnotisert meg, skapt dagdraumar og danna fantasiar som har drege meg inn i ukjent landskap. Men eg har halde meg heime -på jorda, i skogen og i fjellet. Himmelen har vore minst like vakker å skode liggjande på rygg i angande lyng, som sitjande med øyreproppar bak isrosedekt flyvindauga. Stjerner braglande bortetter vatnet har blunka minst like forførande til nakne tær duppa i iskald kulp ved breen, som til sprikande, nylakka tåneglar i sveitte flipflopar ved sydhavstrender. Dette framande har eg då heller ikkje sakna.

Dette har eg ikkje sakna -trudde eg...

Men under alt dette, under himmelen, under vassflata -det ukjende og urørde, lukka inn i ei kompakt stille med regnbogefargar lysande praktfullt mot den blenkjande overflata. Dette har eg sakna.


   
Som middelaldrande bibliotekar tok eg mot til meg. Livet eig eg no, og eg kunne ikkje reise frå denne verda utan å ha sett. Kretahavet tok såleis denne veka i mot ei spent blubbe i råsnacksy våtdrakt -for høvet med ekstra lange ermer- og ditto tungtvegande utsyr. Aldri har vel fiskestimane skratta betre enn ved siestaen denne dagen, og aldri har bibliotekaren hatt ei større oppleving i totalt stille einsemd. Som velutdanna innan skravlekunsten og formidlar av skrivne ord vart munnleg kommunikasjon ikkje berre umogleg, men også overflødig. Bibliotekaren har opplevd paradis på jord, og for ein gongs skuld blir ord ubrukegelege. I møte med maneten skjønte eg at skravlekjerringa har møtt sin overmann...

Maneten som stogga kjeften på biblitoekaren.

Tørrskodd heime att på norsk jord, pustande gjennom nasen, står barne -og ungdomsbibliotekaren no på venteliste for nye dykk med Rune Timerlid sin ferskaste krim på norsk : Sanct Svithuns gåte. Retteleg god helg!


2 kommentarer:

  1. Var det så alvorleg, du! Jamen på tide du fekk gjort noko med det da---.

    SvarSlett
  2. Ja, det var på tide! Det likaste var at det gav meirsmak! Til våre skal eg fridykke i grøfta ved grinda heime, når stikkrenna tettar seg :-)

    SvarSlett