Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 19. august 2011

Simple eller best?

Vi har nyleg avslutta dei før omtala Diktardagar der vi i år har fokusert med kvinneblikk. Vi som fekk med oss Bokbadet, vart vitne til tilløp til ein interessant diskusjon om kva forfattarar badegjestane sette høgast. Det som kom fram i tilløpet,var dessverre nedslåande for den kvinnelege forfattarstand. Og eg er redd mi eiga liste stemmer faretrugande godt overeins. Det er høgsesosong for lister, så prøv sjølv og lag di eiga ti på topp-liste over forfattarar. Eg måtte skvise hjerna til det ytste!

Tre vise undrast og spør seg i motlause stunder:  Er dei beste forfattarane menn? Er dei flinkare til å formulere seg enn kvinner? Er det mot og sjølvkjensle som gjer dei dristigare og betre? Er dei skarpare? Meir geniale? Meir nyskapande? Meir humoristiske? Eller er det fordi det er menn som bestemmer kva som er kvalitet?

Er det slik at det, skrekk og gru, er lettare for begge kjønn å beundre menn for det dei presterer? Er det "kjære mor-dimensjonen", du elskar mor, men beundrar far, som gjer at kvinnelege forfattarar hamnar utanfor topp 10? Er kvinnelege lesarar meir altetande enn menn? Er kvinnelege lesarar på jakt etter menn som forstår kvinner og let seg sjarmere av desse? Eller er kvinner på evig jakt etter å forstå det andre kjønn? Kanskje den einaste jakta som ikkje appellerer like sterkt til menn?

Shania, gje oss styrke!



Rita

6 kommentarer:

  1. Det er mange bra kvinnelige forfattere også, men det er nok noe med at mange av anmeldere er menn og at de kanskje tiltrekkes av mannlig vinkling i skrivestil og innhold?

    SvarSlett
  2. Ja, det er noko med kven som definerer kvalitet. Men kva med lista di, fru Storlien? Er det kvinner i fleirtal på 10 på topp?
    R

    SvarSlett
  3. Hallo dere tre vise!
    Jeg kom ved en tilfeldighet innpå bloggen og nå har jeg sittet og kost meg med gamle og nye innlegg til langt over leggetid! For en herlig skrive og uttrykksmåte dere har, for en stil! Deilig å finne slikt langt inn i bydgenorge, jeg får nesten lyst til å flytte til Lom og bare låne bøker! Skratta høyt og godt når jeg såg at Shania's gode gamle hit var lagt til dette innlegget som jeg forresten er helt enig i - generealt sett er det vel overraskelsen av at menn faktisk klarer noe bra som gjør at alle faller i kne for de og kvinnene faller i skyggen.. kanskje ;)
    Nå er jeg fast følger blitt. Takk for inspirasjon til ei ung jente fra Vågå som begynner å se at det faktisk er mange diamanter gjemt mellom fjellene her oppi dalen!

    SvarSlett
  4. Hei Sanna!
    Velkomen som følgjar! Tusen takk for lang og kjempekoseleg kommentar! Eg tykkjer du skal pakke kofferten og flytte med det same! Her er det god plass, frisk luft og fleksible lånereglar! (Vi humrar over det med "overraskelsen", men her må vi berre kviskre for slikt tør vi ikkje å seie høgt...). Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre inspirert! Lykke til!
    R

    SvarSlett
  5. Nja, noen ti på topp har jeg ikke, til det e rjeg vel ikke trofast nok mot noen forfattere. Men Sigrid Undset, Anne Tyler er blant storfavorittene. jeg synes mange kvinner har en annen evne til å se dagliglivet og løfte det hverdagslige frem på en annen måte enn menn.

    SvarSlett
  6. Nei, eg følte også at mi liste vart litt tilfeldig og lite permanent. Men det er jo bra! Har du lese Toni Morrison? Sofi Oksanen? Alice Munroe og Annie Proulx har nokre fine noveller. Ja, enig med deg ang dagleglivet. Medan menn tek seg av det storslagne...? R

    SvarSlett