Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 16. august 2011

"Finne på någå..."

Det har forundra meg lenge. Irritert meg ørlitegrann også. Må berre vedgå det. Denne sjefen min, mi næraste overordna venninne, som eg er vaksen opp saman med i ei trong fjellbygd, gått 12 år på skule saman med -og no jobba tett på livet saman med i 9 skrattfulle år. Ho har noko eg sjølv har sakna sidan eg stabba kleisande rundt i klutane heime på småbruket. Dette som den eldre syster mi også hadde fått utdelt så rikeleg av, men som eg sjølv aldri klarte å finne fram til. Kreativitet. I vaksen alder har dette omgrepet teke strupetak på meg, fått tankane mine til å vikle seg saman i harde blåknutar, beint fram sett meg ut av drift.

"Oss må finne på någå. Du fæ væra mæ tæinkje du au!" Med stram bibliotekarknut i nakken og vassflogje blikk glåmer ho drøymande langt forbi meg, inn i Ingenting. Eg har forstått at det er der Kreativiteten er. Eg ser han ikkje. Høyrer han ikkje heller. Like fullt er brått ein tre-fire uvanleg gode idéar plukka fram frå Ingenting av sjefen.

Vi skal feire 10-års jubileum, og kreative innspel vil bli ein del av kvardagen i månadsvis framover. 10 år i Gammelprestgarden er vel verdt å feire, og vi skal gjere det med stil. Det er alltid noko å feire, men dette er stort. Neste år er det 10 år sidan eg sjølv kom med notatboka mi til jobbintervju hos den tidlegare klassevennina. Det jubileet skal også feirast, men det blir nok i litt mindre kreativ form. Kanskje. No skal eg i første omgang vera med og tenkje. "Finne på någå..."

Stilleståande bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar