Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 12. august 2011

Den feminine fare

Du ser dei over alt! Heilt frå fyrste gong du slår opp augo inne på fødestova, når du dinglande i eit babysete entrar helsestasjonen, når du trillar inn barnehageporten, blir pliktavlevert på skulen, når du opnar bibliotekdøra, ja, heilt til du har klatra heile stigen opp i høgskulesystemet, er sjansane overhengande for at det er eit individ med lakkerte neglar, mascaraimpregnerte vipper og 2 stk x-kromosom som møter deg. Same kor kjønnsnøytrale vi 2x prøver å vera, heng den feminine fare, denne ta-på-deg-sykkelhjelm-mentaliteten, som ei rosa sky over alle danningsinstitusjonane våre. Tre vise innser si begrensning og skal ikkje gje seg ut på vidlyftige analyser av kva denne altoverskuggande femininiteten gjer med den oppveksande manneslekt. Vi har trass alt pappapermisjonen. Det er da noko.




Men som ein motreaksjon mot alt det rosa, mot kjære mor, mot nuppereller og andre snurrepiperier, har vi denne veka tatt inn fleire nye bøker som osar av musk og maskulinitet. I dag heiv vi oss difor rundt og tråla hyllene etter fleire bøker som kunne passe til ei kjedeolja, testosteronbasert ad hoc-utstilling. Utstillinga inneheld blant anna bøker om eventyrarar og lykkejegarar av ymsit slag, om frustrerte menn på den norske landsbygda, om flugefiske, hestekrefter, offsidereglar, soldatar og den nye sagprosabok Hel ved av Lars Mytting. Dette er boka om vedstabling, hoggestabbar, motorsagpionerar og om Jøtul 602, kort sagt ny vedenskap som vil bidra til ei sterkare vedkjensle i samfunnet. Du kan formeleg kjenne eimen av kvae!

Vi ynskjer dykk likevel ei helg utan behov for ved!

Rita



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar