Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 9. august 2011

Badet

Fossen ved berget...

Lars Mytting
Arnfinn Kolerud
Før i tida heldt vi likaste badegildet innåt jul. I Lom har vi no vore gjennom årets laug i august. Ein sanseleg seanse med kvinner og menn tett samanstimla i sitrande forventing på berget ved fossen. Under strukturert leiing av badevakt Magnhild Bruheim vart Lars Mytting, Vigdis Hjorth og Arnfinn Kolerud grundig gjennomvaska utover laurdagskvelden, til stor underhaldning for alle frammøtte badegjestar. Hjorth gestikulerte så det båra i bølgjene rundt dei jordnære mennene framme på halvmeter`n, medan mennene imponerte folkehavet med djupe, humoristiske språkfilosoferingar, heidenske ofringar, brei dialekt og underfundig, kvinneleg skråblikk.

Vigdis Hjorth
Bokbadet på Diktardagane 2011 var ei oppleving av dei gilde, ein kveld smekkfull av humor, litterære sprell og meiningsutvekslingar mellom 3 svært ulike forfattarar, som på kvart sitt vis gjorde inntrykk på dei rundt 100 badegjestane. Ein liten høgtlesingssnutt frå kvar av dei ulike stemmene gav også inspirasjon til vidare lesing, og 3 vise dagdrøymer allereie om eit vidare samarbeid med dei profilerte forfattarene... Sjølv om lauget er over, lyt vi nok bløytleggje dei utkvilde hovuda våre eit bél til i håp om å løyse ut gode idéar for myrkare dagar.

Nybada bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar