Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 5. august 2011

Litteraturseminar på Diktardagar

Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå er i godt gjenge. I morgon laurdag vert det litteraturseminar med temaet "Sett med kvinneaugo" på Nordgard Aukrust. Vi har samla kvinnelege forfattarar med tilknytning til distriktet som Arnhild Skre, Bente Lindbæk, Magnhild Bruheim, Ragnhild Kolden, Guri og Sigrid Botheim og Synnøve Sakura Heggem.



Synnøve Sakura Heggem, sokneprest i Lom, jobbar for tida med boka "Feminine speil og gåter", om N. F. S. Grundtvig og kvinnene i livet og diktinga hans. Grundtvig er mest kjend som salmediktar. Han var også inspirasjonskjelda for folkehøgskulerørsla. Vonheim i Gausdal, der Olav Aukrust var styrar frå 1913 - 15, vart eit viktig kultursentrum for heile landet. Friskulen på Ofigsbø i Lom var også prega av Grundtvig sin pedagogikk og tankegods. Han argumenterte ivrig for likestilling i kyrkja og hans glød for språket, "modersmålet", smitta over på nynorskrørsla. Gudstenesta som Synnøve skal leie i Lom stavkyrkje sundag, står også i Grundtvig sitt teikn.



Bente Lindbæk, oldebarnet til Elise Aars Aubert, vil halde foredrag med tittelen "Pennens kvinnelige pionerer - mine forunderlige formødre" der ho tek for seg fire generasjonar skrivande kvinner. Oldemora Elise Aars Aubert har bl.a. skrive boka "Fra de gamle prestegaarde" der ho skildrar livet i prestegarden her i Lom frå 1851 - 1862. På den tida fungerte prestegarden også som tilhaldsstad for datidas turistar og åndselite med gjestar som prins Karl, Vinje, Eilert Sundt og Ibsen. Bente vil fortelja meir om Elise og livet i prestegarden, om bestemora Sofie Aubert Lindbæk som var forfattar og filmkritikar, om tanta Lise Lindbæk som var krigskorrespondent og om seg sjølv og boka ho er i gang med om desse fire skrivande kvinnene i familien Aubert/Lindbæk.



Arnhild Skre som budde delar av oppveksten sin på Aulestad i Gausdal, skal halde foredrag om Hulda Garborg og hennar møte med "framifrå døletypar". Hulda Garborg gjesta Lom under den storstilte Olsokfeiringa i 1930, på tusen årsjubiléet for slaget på Stiklestad. Ho deltok mellom anna på gudstenesta i stavkyrkja der ho sat og såg rundt seg på desse "framifrå døletypane" som ho skriv om i dagboka si. Arnhild vil ta for seg Hulda Garborg og hennar forhold til Gudbrandsdalen og dølane. Ho vil også koma inn på dei særs aktuelle problemstillingane som er knytt til kulturnasjonalismen som Hulda var ein representant for, og den politiske nasjonalismen.



Seminaret vert avslutta med paneldebatten "Sett med våre augo". Her blir fokus sett på vår tids skrivande kvinner frå Nord-Gudbrandsdalen. Nokre av dei er sjølve med i panelet og vil diskutere og samtale om bøkene sine, om arven frå dei mannlege forfattarane frå distriktet og om det å vera skrivande kvinne og deira kår i dag. Guri og Sigrid Sørumgård Botheim, Ragnhild Kolden og Magnhild Bruheim deltek i panelet.

Vi gler oss på mange spennande foredrag på seminaret. Vel møtt!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar