Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 22. juli 2011

Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå

Det lakkar og lir mot Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå. 4. - 7. august går dagane av stabelen med eit variert og spennande program. Diktardagane har fokus på Ottadalsdiktarane. I år er temaet "Sett med kvinneaugo" og fokus blir retta mot dei kvinnelege forfattarane våre og korleis dei mannlege forfattarane såg på kvinner. I tida framover vil vi presentere nokre utvalde arrangement her på bloggen. Sjå resten av programmet på heimesida til diktardagane.

Konsert med Reidar Svare og Svermere
Reidar Svare. Foto: Privat
Reidar kjem med si fyrste soloplate til hausten. På konserten på Graffer får vi smakebitar frå plata som består av tonesette dikt. Dei fleste tekstene er skrive av lokale forfattarar som Tor Jonsson, Ragnvald Skrede og Olav Aukrust. For dei som ikkje kjenner til Reidar, er han ein allsidig musikar som trakterer fleire instrument i tillegg til dei vokale prestasjonane han er mest kjent for. Han er er ein høgt verdsett og flittig brukt musikar i Ottadalen. Han er også fast medlem av gruppa "Lomsk" og ein av "De plagede" som skal varte opp med kabareten "Kvinnfolkplager" under Diktardagane. "Svermere" er eit jazz-inspirert folkemusikkband som tek utgangspunkt i tradisjonell norsk-svensk folkemusikk. Aslak O. Brimi, ein av Norges fremste felespelmenn, er ein av Svermarane. Dei omtalar sjølve musikken som ei "svermande leikestove der folkemusikk, rock og jazz smeltar saman". Få med dykk ein konsert der Ottadalslyrikken vert vakkert og meisterleg servert!

Vigdis Hjorth
Foto: Gyldendal


Bokbad med Vigdis Hjorth, Arnfinn Kolerud og Lars Mytting
Vigdis Hjorth, Lars Mytting og Arnfinn Kolerud er forfattarane som Magnhild Bruheim skal bokbade under årets Diktardagar. Vigdis Hjorth er kjent for eit langt og rikt forfattarskap både for barn og vaksne. Ho har motteke fleire litterære prisar bl.a. Gyldendalprisen i 2010. På bokbadet vil ho samtale om den siste boka, Snakk til meg.

Lars Mytting. Foto: Christian Elgsvin
Lars Mytting er dølagut, opprinnelge frå Fåvang. Han debuterte med boka Hestekrefter i 2006 som vart ein stor suksess. I 2010 kom Vårofferet. Romanane hans tek utgangspunkt i den moderne norske bygda, med eit særleg blikk for bilverkstader, militærleirar og andre maskuline miljø som sjeldan vert skildra i norsk litteratur.
Arnfinn Kolerud
Foto: Samlaget

Arnfinn Kolerud er romsdøl. Han har skrive fleire barnebøker og kom i fjor med sin fyrste roman for vaksne, Når ein først skal skyte nokon, om den siste trassige bygda som held fast på nynorsken for ein kvar pris. Boka er svært humoristisk, noko vi har mistanke om at forfattaren i eigen høge person også er. Vigdis les frå Snakk til med på Bokhandelen kafé i Vågå fredag, og du kan vera med karane på litterær  frukost på Bakeriet i Lom sundag morgon. Få med deg eit boblande bokbad og godt smakssette litterære opplevingar!

Hamsun, farsslekta og dei kvinnelege romanfigurane
Faren til Knut Hamsun kom frå Skultbakken i Vågå. Her vil det sundag bli foredrag med Ola Grøssland om farslekta til Knut. Even Lusæter vil halde foredrag om Hamsun og kvinnesynet som avspeglar seg i dei kvinnelege romanfigurane hans. Båe emna er relativt lite behandla i den elles store forskninga som er gjort kring Knut Hamsun. Vi trur dette blir svært spennande foredrag! Kvinneseptetten frå Vågå vil delta med vakker song. Even skal også delta under Diktardagane i Presthaugen laurdag kveld med framføring av dikt av fleire lokale lyrikarar og Jakob Sande. Med seg som musikalsk tonefylgje har han den renommerte folkemusikaren Øyvind Sandum.
Even Lusæter og Øyvind Sandum. Foto: GD
Vi håpar mange får med seg heile eller delar av årets Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå! Billettar til arrangementa får de tak i hjå oss! Bestill over nettet frå heimesida til Diktardagane, ring eller kom innom.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar