Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 15. juli 2011

Ta det som det faller seg og le!

Like uventa som alltid, men ikkje så heilt uvanleg her i livet, gjekk ikkje alt etter planen. Sommarhuset i ein av Sveriges lugna tettstader var bookad, kvitteringar var skrivne ut og tidspunkt for henting av nøkkel var sett. Som dei morgonfuglane vi ikkje er, fekk vi reist grytidleg, litt før skjema til og med. Vi var framme i god tid og fann huset. Huseigar glimra med sitt fråver, men vi var jo så tidleg ute! Vi fekk sett oss rundt i staden og fortært eit betre måltid stekt makrill, før vi på nytt prøvde å hente nøkkelen. Huseigaren var og blei borte. Ringe hustelefonen var det lite hjelp i, mobiltelefon var ho ikkje eigar av og reiseselskapet hadde lagt på røret for kvelden. Det var heller ikkje rom til oss i noko herberge. Stemninga blant delar av forsamlinga var like dyster som dei trugande skyene som hekk tungt over den lugna stad. Omsider kom vi til ein stall, eller til eit B&B som det heiter nå for tida. B&B kunne iallefall tilby Bed i eit av Cecilias privata hus som vi skulle dele med danskar, nederlendarar og nokre nordmenn som
deltok på cross-stemne. Dei kunne kanskje vera litt høge i røysta når dei kom heim utpå natta. Einskilde i forsamlinga hadde på dette tidspunktet forlengst gått i svart.

Men iblant er det litt av eit hell at planar ryk. Natta i Cecilias B&B gjekk knirkefritt nok, og etter eit par, tre telefonar dagen derpå, var ny overnatting fixad, en stuga i strandkanten, for ein billegare penge, på ei bilfri øy, inkl. sol og badetemperaturar på tjuetalet. Det var her, i öppna landskap, i tempererte kveldstimar, at eg vart kjent med Eli, eg fann-eg fann-Espen, skøyaren Emil, den tøffe og iblant valdelege Erik og shopoholikaren prins Eugen. Det som er litt spesielt her, er at alle desse personlegheitene har bustad i ein og same person, i hovudpersonen Eli.

Det er jeg som er Eli. Det betyr min Gud på hebraisk. Det er både et jentenavm og et guttenavn. 
Jeg kan ikke være i leiligheten. Gulvene bikker mot de farlige vinduene ut mot gården. Jeg bor i sjuende etasje. Vinduene drar meg til seg. Jeg kan kaste meg ut. Jeg kan hoppe. Jeg er redd. Jeg prater og kan ikke slutte. Jeg er den som forteller, og den det fortelles om. Den med stemmer i hodet. Den det prates i, i det uendelige. Må forsvare meg mot stemmenes påstander. Må svare på deres tilrop...Hva skjer viss jeg ikke gjør det? Jeg kan sprekke. Jeg kan gå i stykker. Hodet deler seg. Hele leiligheten kan rase ut av huset som en kommodeskuff.

Gjennom Eli får vi innsyn i eit, for mange av oss, ukjent landskap av menneskesinnet. Vi får ta del i kampane Eli kjempar med seg sjølv, med medpassasjerane sine og med det psykiatriske hjelpeapparatet. Men vi får også sjå positive sider ved livet utanfor A4-formatet, energien, originaliteten, humoren, kreativiteten og løvetannmentaliteten. Boka En dåre fri av Beate Grimsrud vart dobbelt-nominert til Nordisk råds litteraturpris i fjor. Bloggaren tenkjer at dette er ei bok det har kosta å skrive, om eit liv det har kosta å leve og at eit snevert normalitetsbegrep ikkje er av det gode for nokon av oss. Favorittsitat: Jeg tror på viljen, men er den fri?

Fortsatt god sommar! Og hugs: Nokre gonger er det ål reit at ikkje alt går etter Planen!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar