Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 8. juli 2011

Topp!

Bak ligg 3 veker i einsam majestet, ridande gjennom kvardagen på ymse roller som bibliotekar, assistent, ryddehjelp, bokpratar, filmanmeldar, guide, sjef, billettseljar og barnevakt. Ein fest av eit tilvere, eit mylder av små og store, kjende og ukjende som takkar audmjukt for gratis, norsk bibliotekservice og let seg friste av fargerike layoutar, prikkfulle terningkast og varm omtale. Tilgjengelege pc`ar spår ferievêr og sender lydlause helsingar heim  gjennom lufta, x-boksar frir frimodig til spenningssøkjande ungdom på skytunge dagar, blanke ark og fargestifter blir trylla om til spreke helsingar klistra opp på gamle, sjelsrike veggar, medan drikkeautomaten byr på varme dropar når regnvåte krøller må tørkast innomhus. Det er sommar i Lom, og det høyrest, kjennest og visest. Mylderet høyrer med -også i gammelprestgarden. Bibliotekaren takkar alle besøkjande for oppmuntrande ord -og for framifrå løyndomsfull sjokolade utan innhaldsdeklarasjon frå ein takksam, fransk herremann med lekker skinnkoffert bugnande av herlegdom. Ei gastronomisk oppleving som laut nytast i eitt til the sweet end...

Ein fryd for ganen...

Fylkesbiblioteket har denne veka sendt oss eit forlysteleg skriv med gromme tal og for oss vakre illustrasjonar. Statistikken for Opplandsbiblioteka 2010 er offentleggjort, og vi kan stortilfreds konstatere at grannebygdene Lom og Skjåk ligg i tet med gode tal:  http://www.oppland.no/no/Fag-og-tjenester/Fylkesbiblioteket/Nyheter/Arsmelding-for-Oppland-fylkesbibliotek-og-statistikk-for-Opplandsbiblioteka-2010/  På heimesida si gratulerer fylkesbiblioteket  Lom folkebibliotek med utlånstoppen i Oppland 2010, og vi sender med dette takken audmjukt vidare til alle brukarane våre! De er alle fornøyelege å ha med på laget!

Utlånstoppen for folkebibliotek i Oppland

Plass

Kommune

Utlån pr.innbygger
2010

1. Lom 9,85
2. Skjåk 7,67
3. Jevnaker 7,43
4. Øystre Slidre 6,68
5. Etnedal 6,67
6. Ringebu 6,23
7. Sel 5,80
8. Sør-Aurdal 5,76
9. Vågå 5,61
10. Lillehammer 5,49     

Med dette vil bloggaren heim og pakke snippsekken -fjellet lokkar, og føtene lengtar etter lange dagar trakkande gjennom lyng og kjørr. Ønskjer sjefen velkomen att med ny energi, og satsar på at kaffen er varm i glaskarmen når eg glyttar innom for bokbytting i ferien :-)

Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar