Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 1. juli 2011

Sprei dykk!

Tenk om det var så lettvint! Han skulle nok ønskje det guten også, då han hadde skrive skulestil og sleit stygt med teiknsetjinga. Etter endt forteljing teikna han ei mengd komma og punktum nedst på arket, og under skreiv han: "Sprei dykk". Veldresserte teikn poppar sjølvsagt inn der dei høyrer heime, nett som sokkane som nyleg har tørka på snora -inne... Dei havnar jo alltid saman med rettmessig partnar i riktig skuff slik heilt av seg sjølv.

Sokkar som har hamna i feil skuff...

Det er nok fleire enn guten som gjerne skulle ville rope "Sprei dykk!" av og til. Bibliotekbrukarar ha alltid krav på god personleg service, men når 15 stk står forventingsfulle i skrankeområdet med kvar sine ønskje og spørsmål medan vakthavande er på lydbokjakt i hyllene etter nye eventyr for den eldre lånaren med dårlege augo, skulle ein gjerne hengt opp plakaten med nemnde instruks på skranken. Jamn straum av  lånarar er absolutt å føretrekkje framfor 20 i kø om gongen, når dei fleste brenn inne med utfordringar for bibliotekaren. Men artig er det, og svært så tilfredsstillande når alle til sist har fått den hjelpa dei fortener. Det merkelegaste er likevel at turistar på ferie har ekstremt dårleg tid i høve dei fastbuande brukarane...

Prosjekt kunstbok laga av 8. og 9. klassingar ved Lom ungdomsskule

Den nyaste utstillinga i biblioteket baud også på spreiingsutfordringar. Ungdomsskuleelevane var så flittige før ferien at vi sleit med plassen då alle produkta skulle få sin fortente plass på det ørvesle utstillingsbordet. Fortvila måtte eg innsjå at desse flotte kunstverka burde vore spreidd utover heile lokalet for at alle skulle kome rettmessig fram i dagen. Instruksen "Sprei dykk!" hjalp heller ikkje denne gongen, og lånarane må såleis ta seg tid til å bla gjennom utstillinga sjølve -ein aktivitet det verkeleg er verd å leggje arbeid på! Oppgåva gjekk ut på å tolke og vurdere ulike samansette tekster, for deretter å bruke ulike medium, kjelder og estetiske uttrykk i eigne norskfaglege og tverrfaglege tekster. Dei spennande resultata finn du i skrankeområdet vårt, og vi rådar alle interesserte i å bla gjennom hefta. Takk til ungdomsskulen for lånet!


Bloggar med spreiingsproblem: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar