Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 24. juni 2011

Koldbrannbananar og skremmepinnar





Tysdag kveld pakka viskvinnene ryggsekken sin med ullstilongs, huve, vottar og ekstra genser, samt ei snau vassflaske -og eit par bananar. Regnet sila som vanleg ned over luggen då vi sjekka rengmålaren siste gong før sengetid, og med all vår kunnskap kunne vi beint fram ikkje sjå noko tenleg i å trakke rundt på Juvfonna i pøsregn på ein vanleg arbeidsdag. Vi var altså invitert til obligatorisk personaldag på Raubergstulen, med Klimaparken som første stopp. Einaste gleda i bløyta var at den ferierande sjefen også laut setja av heile dag til opplegget -det gjer seg med litt skadefryd når ein tømmer regnbegeret for n-te gong... Skadefryd gjekk derimot overraskande tvert over til overveldande undring over véret, naturen -og historia, som vart uhyre godt formidla av ein dyktig klimaparkguide. Sola sleikte smektande varmt over naserota, der ein gjeng kommunalt tilsette saug åt seg kunnskap og inntrykk i rikt monn medan dei vandra i bedageleg tempo bortover mot Juvfonna.



Også den ferierande sjefen -som trassa silregnet kvelden før ved å stille i bikini (rett nok under, men lell!)- tykte etter kvart at dette var rett så tenleg ein måte å bruke ein feriedag på. Inst inne i istunellen benka ho seg freidig ned i det glatte "auditoriet", stortilfreds over at ledd og musklar klarte turen gjennom steinar og is. Reinsrose, Musøyra, ymse Sildrer, samt uilke artar lav var no lagra i stuttidsminnet, for seinare å skulle bli overført til lagringsdisken for naudsynt kunnskap. Vi fekk også høyre om skremmepinnar, skinnsko og meteoroligske målingar langt nede i permafrosten. I ettertid såg vi at det var kun bananane som ikkje tolte opphaldet i den kalde tunellen -dei såg mildt sagt lite innbydande ut og utvikla stygg koldbrann på turen...


Sommarskisenteret skein om kapp med sola, og Galdhøpiggen kneisa mektig over det heile med ein klarblå himmelkvelv som vern over den storslegne naturen. Vi ønskjer god helg til alle med nokre få bilete frå inne i istunellen.

Ljossøyle som isskulptur
Bloggar: Merete
 
Nedfryst skremmepinne





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar