To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 17. juni 2011

Die glückliche, deutsche Touristen

Regnet har letta ørlitegrann etter flaumen sist helg, ei mengd avlingar av ymse slag har gått tapt, men folket i Lom er like heile og framleis ved godt mot etter utrygge opplevingar i pinsen. Rett nok har sakte ikkje tettingsarbeidet vore heilt vellykka oppi høgden, det sillar og lék framleis med ujamne mellomrom, men slike dropar dansar vi leikande lett slalom for.

Sjefen, derimot, er til tider svakare for einskilde dropar enn somme andre. Tysdags eftan var ho på tur heim, då ho med veska over oksla varsla meg om at "E ska bærre hjølpe någå tyskere mæ ein e-post før e går att..." Det vara og det rakk, tyskergjengen la ut på kvilelaus vandring gjennom biblioteklokala, der ein stotrande sjef sat ytst utpå krakken med veska sigande lenger og lenger nedover armen, sveittperler piplande så vidt synleg under den vippande lokken som hoppa rundt ansiktet, medan ho forklarte på ein svært sjarmerande tysk at det oppstod "ein kleine Problem..." på pc`en -og sidan med skrivaren... Das Problem voks seg så stort at det bikka timen og meir enn det før den norske krisehjelpa lykkeleg kunne konstatere at saka var løyst, og dei tyske turistane kunne halde fram ferda i dette vakre landet. Som takk for hjelpa kom den eine stormande inn døra att rett før sjefen skulle ile heim til nye oppgåver -og takknemleg overrakte han ein heil kartong flytande, raud Merlot til den blide bibliotekaren! Den slitne dama seig sakte ned på bakromskrakken medan ho drog djupt inn den liflege dufta av den velgjerande veta... Ho nøyde seg derimot med eit langt magadrag, før kartongen vart trygt plassert på hemmeleg stad. Underbibliotekaren ventar i spenning på høgtidsstunda då dropane skal fordelast i høge stettglas, og satsar på at ho blir invitert...

Tørsskodd bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar