To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 14. juni 2011

Sommartider hau hau

I denne søte somartid
Vi går nå inn i siste veka med normale opningstider. Frå fredag er det sommartidene som rår:

Måndag 10.00 - 14.00
Tysdag 10.00 - 14.00
Onsdag 10.00 - 14.00
Torsdag 15.00 - 19.00
Fredag 10.00 - 14.00

Jotunheimen. Historien, maten, turene.
Somrane i bokheimen er prega av franske aksentar som er innom og ser etter the internet. Av ferierande fastbuarar som vil krydre sommarkveldane med grøss og gru eller ein tøtsj av "løvv". Av spreke fjellfolk som vil til topps og sjølvgranskarar som vil til bunns. Av amerikanarar som trålar kyrkjebøkene på leit etter ein gamal-gamal-gamal onkel og tremenningane hans. Av menn som har sett seg føre å imponere på grillen eller med stanga. Altså fiske. Av foreldre med for få hender og stress i blikket som låner lydbøker til søte, små bilturar. Av studentar som har trakka sin barnelærdom på den vidaregåande skulen her. Og iblant av temperaturar nær opp til kokepunktet for visdom. Viskvinnene oppfordrar alle kjente og ukjente til å ta turen til Lom og avleggje eit besøk eller ti i bokheimen i løpet av sommaren. Vi gler oss til å treffe dykk!

Dustefjerten og den store sommarferieturen
Vi oppfordrar også alle grunnskuleelevar til å bli med oss på Sommar + Bok, ei lesekampanje som biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen arrangerer. Les minimum fem bøker før 1. september, levér inn skjema og du er med i trekninga om å vinne ein iPad! Viss du les enda meir, kan du hente nye skjema på biblioteket og auke sjansa di for å vinne.

Tre vise bloggar ikkje av i ferien, men sidan vi ofte er einvise, nøyer vi oss med fredagsblogg. Og hugs for all del å få med deg vekas fjelldikt før du legg ut på tur!


Nestenferiemodusbloggar Rita ynskjer dykk alle ein strålande sommar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar