Alt vatnet Nordens Sahara vanlegvis får gjennom ein heil sesong sprutar i desse dagane ned over grøne lier og frodige åkrar i Norddalen, mokar med seg jordstykke og fyller dei små, idylliske bekkane langt over brestepunktet. Lyden av rullande elvestein buldrar gjennom den stinne lufta, skumspruten står langt innover oversvømt land -og regnet held stendig fram med å sile ned frå ein himmel som sig lenger og lenger ned over fjellsidene.
Medan gardbrukarar veitar vatn for harde livet, spring overvelda turistar over Prestfossen og korsar seg over dette mektige landet med ein natur som manglar sidestykke. Vatnet er livgjevande, tvingande naudsynt for alt levande, og lomværane kan til og med skryte på seg det beste, norske vatnet -men trøyste oss for å få alt vatnarvatnet på ein gong da, gut! Nok er nok, for mykje er for mykje, og nå nektar både jorda og innbyggjarane å ta i mot meir væte i denne omgang! Vi må samle oss i flokk, kle oss i det lettaste sommarantrekket vi eig og danse ein kollektiv soldans for å smigre vérgudane i pinshelga -ikkje eingong vérmaktene kan då vel stå i mot ein uhorveleg gild gjeng lettkledde lomværar som utfaldar seg i smiskande rytmar?
På tampen av dagen tikkar det inn meldingar om nye ras i Lom etter styggedomsregnet, og baksidebloggaren gjev opp kreativiteten for å gå ei uoversiktleg pinshelg i møte. Ta vare på kvarandre i helga!
Merete
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar