Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 7. juni 2011

På dumdristig litteratur


Ein blir kaldare og meir bereknande med åra. Midt i den mest hektiske kampen mot det trehovuda mappeoppgåvetrollet, lista den minst vise seg over Trollebru og la ut på eventyrferd. Etter eit utal kveldar og netter vid sin dator medan timmarna skrida, innestengt på eit bakrom i bokheimen, sømnsliten, bleik og dratt, levande på kaffe, paracet og Waltersmandler, inviterte ho med seg sin vesle, raude på litteratur. Ho ville til Lillehammer på festival for å gjera seg høg og fyldig.

Fyrste høgdepunkt på ferda var poesislam. Dette er ei tevling mellom poetar der den beste teksta og framføringa vert kåra. Her vart den bleike og dratte attpå til plukka ut til å vera med i juryen. Morosamt var det, den beste vann og det trehovuda trollet var dogg for sol. Neste høgdepunkt var Dei nye kapellanane som framførte eigne og andre sine låtar på sprudlande nynorsk, som Eg jobbar med ein dra-a-um (Working on a dream - Bruce) og Dask meg, baby, ein gong til. Eh, nei, her fekk ikkje Hovland viljen sin, så det vart La oss prøve ein gong til (Hit me baby one more time - Britney).
Om Fjord i dølabyen
Bandet har det ikkje med å opptre i utrengsmål. Det håpar eg dei veks av seg. Dei seinare kveldstimane var prega av cubansk diktning og latinske salsarytmer før ein ny dag grydde til byvandring og tonane av Dag Solstads opplesing frå Roman 1987. Handlinga i romanen går føre seg på Lillehammer. Vi møter Fjord frå Sandefjord som arbeider som redaksjonssekretær i avisa Dagningen tidleg på 60-talet. I løpet av vandringa fekk vi mellom anna høyre om brocoliens (med c) inntog i dølabyen og missekåring på Kvam. Fjord blir nok å finne på ein solfylt veranda nær meg i løpet av sommaren.

Litt lenger fram på ferda, avslutta den litt høgare og fyldigare kampen mot det trehovuda ti minutt før klokkeklang.

Kald og bereknande bloggar: Rita

PS: Fjelldiktbloggen er oppe og går att! Hoppande hipp hurra! Tusen takkar og klemmar til Morten Kielland! Nye fjelldikt fylgjer!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar