Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 3. juni 2011

Våre venner japanarane


Å, den som hadde vore ein liten japanar -om så berre av og til... Eg trettar (lomsk for å "trippe") og spring gjennom gammelprestgarden det fortaste dei to stilkane mine er gode for, men det er messom ikkje støtt det er godt nok. Bokstablane veks meg over hovudet snøggare enn eg får snudd meg, etterspurde filmar leikar duse-og-gøyme i hylla og askar med nye bøker dirrar av spenning etter å få utfalde seg framfor dei doggvarme brilleglasa til vimsevisa. Det skal rett nok seiast at underteikna er relativt rask å vekse over, at ho ikkje er den største klypparen til å leite og at ho er uhyre lett å ta ut sveitten på, men lell! I sommar skal fjellet trakkast opp og i mente i håp om å opparbeide ein raskare teknikk med større uthald for undersåttane.


Varm kaffe i stadig aukande godt selskap
Uopna spenning når nye høgder...
Japanarane på kyrkjevollen derimot, dei svinsar over heile Loarplassen på nokre fåe straksar, og får med seg både kyrkja, toaletta, Aukruststøtta og Loarutsalet på same tid som dei får knipsa ørten augneblinkar med dei små fotoapparata sine medan dei veivar og gestikulerer i snertne snuar. Kvar sommar let vi oss imponere av desse superkjappe, blidspente turistane -eit folkety som med sitt sprudlande vesen og sine flotte uttøyingar utanfor bussen er eit levande bevis på at kroppen må ivaretakast også på ferie. Akk ja, den som berre hadde klart slike kneløft att, tenkjer vise damer bak store glasruter, strekkjer varsamt på tørre ledd og tuslar stilt fram att til folkelivet i serviceavdelinga. Skal tru om vi ikkje frå hausten av burde erstatte morgonkaffen på bakrommet med  morgongymnastikk på kyrkjevollen? Skal jammen lufte idèen for den velutdanna sjefen som sit med ansvaret for tråklinga av nye planar!

3 vise driv morgongymnastikk på Skim
Ha ei sprek helg -med eller utan morgonstrekk!

Bloggar i farta: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar