Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 20. mai 2011

Over the hills and far away

Onsdag snørte eg sekken, spente på meg bilbeltet og tok kuten over the hills and far away. Eg kledde meg i min minst typiske bibliotekar-look, ja, eg veit eg balanserer på ein egg av bibliotekarfordommar her, men iallefall drog eg på meg trange jeans, anonym T-skjorte og fancy solbriller som eg lånte av 14 åringen. Eg skulle nemleg vera ein kven-som-helst lånar som kom til ukjend bibliotek for å få anbefalt ei god bok. Dette er del av eit  lite forskningsprosjekt knytt til formidling i bibliotek, der eg ville sjå korleis formidlingsintervjuet eller inspirasjonsintervjuet fungerer i praksis.

For kven-som-helst kjendest det ufatteleg befriande å setje seg i ein liten, raud bil som kunne ta ho kvar som helst. At ho hadde kaffe i koppen og bruk for solbrillene, gjorde ikkje stunda verre. Dagen før hadde ho trivi med seg den fyrste og beste lydboka boktralla kunne by på. Umiddelbart etter take-off, lada ho spelaren og trykte Play. Den behagelege røysta til Duc Mai-The smaug seg inn øyregangane og leikte seg vidare innover i dei tronge korridorane til ho kom til senteret for gode opplevingar. Kven-som-helst slo opp døra på vidt gap og let seg forføre utan atterhald:

Sumire forelsket seg for første gang den våren hun var 22. Med voldsom kraft skar forelskelsen seg som en virvelvind i en rett linje over det vidstrakte slettelandet, feide over ende alt på sin vei og sugde det opp i atmosfæren hvor den rev det i fillebiter og sønderknuste  det hinsides enhver gjenkjennelse, uten antydning til å løye for vinden, videre over storhavene og la Angkor Vat øde og brente de indiske skoger og alle dens ulykksalige tigere til grunnen før den forvandlet seg til en sandstorm i den persiske ørken og begravde et avsidesliggende østerlandsk festningsverk i sand. Det var en forelskelse en bauta verdig.

Dette er historia om Sumire og Miu og om forteljaren K. Sumire, ei jente som drøymer om å bli forfattar og kler seg i store tweedjakker og boots, blir slukt opp av denne voldsomme forelskinga i den 17 år eldre Miu. Miu er ei brilliant, velståande og suksessrik kvinne som Sumire treffer i eit bryllaup. Sumire har ein betrudd i livet, forteljaren K, som  ho kan prate med i time etter time om dei små og store spørsmåla i livet. K på si side er håplaust forelska i Sumire. Det er ei historie om mysterium i kvardagen, om det lite forutseielege livet, om einsemd, om pariserhjul og om korleis ei einskild oppleving kan gjera kolsvart hår om til drivande kvitt på få timar, heilt utan bruk av bleikemiddel. Elskede Sputnik er elegant ført i pennen av Haruki Murakami.


Forskningsprosjektet var spennande og lærerikt, men kven-som-helst tek seg den fridom å berre seia A!

Rita kven-som-helst

4 kommentarer:

  1. Vil berre opplyse om at det ikkje er av allmenn oppfatning at den vesle raude kan ta deg bokstaveleg tala kvar som helst, da... Elles let eg meg freiste av lydbokpraten din :-)

    SvarSlett
  2. Vil berre opplyse om at den vesle raude i kombinasjon med ein ikkje kven-som-helst sjåfør, kan hamne kvar dei vil når dei vil. Elles takk!
    R

    SvarSlett
  3. de søte små hilser og sier at Over the hills and far away er musikk mor bør spille FØR de kommer hjem fra skolen. Jeg skylder på overskriften fin, ellers hadde jeg aldri kommet på å søke denne opp på YouTube og spille høy! ha en frotreffelig helg. Jeg skal snart oppover en tur, bloggtreff?

    SvarSlett
  4. Flott, fru Storlien! Slike ringverknader set eg umåteleg pris på! Spel han ein gong til, høgt, og dans i vilden sky! Ein skal ikkje alltid la søte små setja dagsorden! Bloggtreff - juhu!!! God helg!
    R

    SvarSlett