Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 6. mai 2011

Dei gamle fjelli

Dette har vore veka for halve setningar, halvetne skiver, avbrotne tankerekkjer, avisannonser som ikkje dukka opp til avtalt tid og for VLC spelaren sin langdruge kamp mot ein kverulant av ein Quick time spelar. På bakrommet har det blitt sett ny pers i høgdehopp for blodtrykk utan tilløp, og neglane har blitt grundig ete opp, eh, ned. Men det gjer ingenting. Åss ha gjort kå gjerast skulle. I helga inviterer vi dykk med på fjellvandring i ord og tonar. Saman med viskvinnene og grannekollegaene blir Jon Eikemo og Even Luseter med tonefølgje med oss på vandringa. Vi håpar du blir med også! Det er klart for lanseringa av prosjektet "Ord om fjell"!

"Ord om fjell - ei digital fjellvandring" er eit prosjekt som vart starta opp av dei 6 biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen i samarbeid med Oppland fylkesbibliotek våren 2010. Vi har sidan den tid samla dikt som er relaterte til Nasjonalparkriket og til fjell generelt. Ved lanseringa har vi i alt 300 dikt, omlag 100 av dei er så langt publiserte. Vi har i fyrste omgang leitt etter fjelldikt blant våre lokale diktarar. Men vi har som mål å samle dikt om fjell frå heile landet. Det er gjort avklaringar med forlag, familemedlemmar eller andre som sit på rettane til dikta, slik at vi har fått løyve til å leggje dei ut i skriftleg eller innlese versjon.



Foto: Bernt Tordhol
Vekas fjelldikt
Kvar veke vil vi servere eit nytt fjelldikt i tekst, lyd og bilete. I tillegg til dikta, har vi også samla bilete frå fjellområda våre som skal leggjast ut saman med Vekas fjelldikt. Lokale aktørar har stilt velviljugt opp for oss og hjelpt oss med innlesinga. Der det er naturleg, blir dikta lese inn på dialekt. På denne måten profilerere vi også dialekta vår gjennom prosjektet. Vi ynskjer eit mangfald av røyster og innlesarar, profesjonelle, forfattarar som les eigne dikt, gamle, unge, menn og kvinner. Nokre av bibliotekarane har også delteke på kurs i leseteknikk og er med som innlesarar. Vi ynskjer å invitere med fleire i dugnaden for å samle fjelldikt. Viss du skriv sjølv eller veit om andre som likar å skrive eller deklamere fjelldikt, er vi glade for å få deg med på laget!


Vi vil vente med introduksjonen av nettstaden til lanseringa er over, men her kan de få ein liten smakebit. Høyr Even Luseter les diktet Fjellblomen av Ragnvald Skrede. Med dette ynskjer vi dykk ei god helg og håpar at du tek turen til biblioteket sundag kveld klokka sju!

Even Luseter les Fjellblomen av Ragnvald Skrede
Foto: Merete Byrøygard

Blogghelsing Rita

2 kommentarer:

  1. Berre lekkert!

    SvarSlett
  2. Takk! Vi er tilfredse sjølve også! Og vi hadde ein veldig fin og minnerik kveld i går!
    R

    SvarSlett