Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 26. april 2011

O sykkelstyre, o kjærlighet!

Når dagane blir lange og varmen set inn, stuvar viskvinnene bort longs og påskebøker og legg miniskjørtet på lur i tilfelle overmot eller sveittetokter. Ein kan jo aldri vita nå når våren har kome her nord. Nå er det høgsesong for pollenallergiar, eksamenslesing, syklar og forelskingar. Som Nordahl Grieg, har viskvinnene valt å fokusere på dei positive ingrediensane. Det er tid for å finne fram att syklar med eller utan motorar. Det er tid for å smørja trossene og pusse hjelmane. Det er tid for å trakke landevegane. Det er tid for å investere i tettsitjande sykkelbukser, piknikkorger med vin og pledd i eller doble sykkelvogner med seteryggar ein kan slå ned med tilhøyrande hjelmar, drikkeflasker og smokkar i matchande fargar for dei søte små i, alt etter lyst og behov.


I det ein dansar seg fram på arbeidsveg om morgonen, får ein i desse dagar ta del i ein av dei vakraste gratiskonsertane jordelivet kan by på. Alle fuglar små dei er, har kome attende. Gjennom heile den lange vinteren har Gauk og Sissik & co vore i Syden og teke songtimar hjå dei sør-europeiske tenorane. Nå har dei kome heim att med liv og lengt og ein strupe full av sjekketriks. Vasskjemde sit dei på kvar si grein og syng ut sine kjærleiksballadar, for å lokke emosjonelle fjørfe til felles reir, glede og hygge.

Det vakre våreventyret som utspelar seg i lufta, smittar over på syklistane. Dei prøver å finne nokon å trille sykkel med. Det dei måtte mangle av songstemme, kompenserer dei med veltrimma setemuskulatur, eksklusiv vin i korga eller hordar av hestar i motoren. Viskvinnene kan ikkje rå deg til kven av dei du skal godblunke til, men vi skal lage utstilling om syklar og amore i alle variantar med tittel
O sykkelstyre, o kjærlighet! Kom, sjå og lån, da vel!

De går på veien ganske tause,
med hjertet fyldt av hvad begge vet,
mens næven knuger det blanke nikkel.
O sykkelstyre. O kjærlighet.

Nordahl Grieg

Bloggar i trallala tvideli di di: Rita

2 kommentarer:

  1. Nei, no vart eg hoga te sykle....

    SvarSlett
  2. Så bra! Trå i veg til biblioteket. Vi har bøkene - og eit sykkelstyre!
    R

    SvarSlett