Takk til Mari for sykkelstyre
takk til Kiwi for kjærlighet
takk til Mehren for vakker ordkunst
takk til folket for smil og nikk
Takk til våren for inspiration
takk til Nordahl og takk til Grieg
takk til fuglane som song det
takk til syklar og pique-nique
Takk til Emily for boka
takk for Heathcliff og høgdedrag
takk for Hjulskift og handy hender
takk for nok ein vakker dag
Takk til deg som har lese bloggen
som vart skrive med venstre hand.
Takk de bøker som står her saman
utan vondhug av noko slag.
God helg!
Kos deg på Kate!
Kos deg på Kate!
Wuthering heights, inspirert av Emily Brontës roman med same namn eller Stormfulle høyder på norsk, om Cathy og Heathcliff, eit av dei store kjærleiksdrama i litteraturhistoria.
Rita haltandeversefotbloggar
Flott lyrikk, Rita! Gler meg på å sjå det endelege resultatet :-) Men venstrehand? Og haltande vers? Nei, dette skjønte eg ikkje...
SvarSlettVerset høyrer heime i sjangeren Keivhendt lyrikk. Gler meg til vi skal ta ned utstillinga, eg, og dele all kjærligheten;-)
SvarSlettKeivhalt
Et stykke knalltøff lomsruss uppi her!
SvarSlett