Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 29. april 2011


Takk til Mari for sykkelstyre 
takk til Kiwi for kjærlighet 
takk til Mehren for vakker ordkunst
takk til folket for smil og nikk


Takk til våren for inspiration
takk til Nordahl og takk til Grieg
takk til fuglane som song det
takk til syklar og pique-nique


Takk til Emily for boka
takk for Heathcliff og høgdedrag
takk for Hjulskift og handy hender
takk for nok ein vakker dag



Takk til deg som har lese bloggen
som vart skrive med venstre hand.
Takk de bøker som står her saman
utan vondhug av noko slag.

God helg!
Kos deg på Kate!

Wuthering heights, inspirert av Emily Brontës roman med same namn eller Stormfulle høyder på norsk, om Cathy og Heathcliff, eit av dei store kjærleiksdrama i litteraturhistoria.

Rita haltandeversefotbloggar

3 kommentarer:

  1. Flott lyrikk, Rita! Gler meg på å sjå det endelege resultatet :-) Men venstrehand? Og haltande vers? Nei, dette skjønte eg ikkje...

    SvarSlett
  2. Verset høyrer heime i sjangeren Keivhendt lyrikk. Gler meg til vi skal ta ned utstillinga, eg, og dele all kjærligheten;-)

    Keivhalt

    SvarSlett
  3. Et stykke knalltøff lomsruss uppi her!

    SvarSlett