Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 25. mars 2011

Den fyrste song...

Vaksen opp i ein einstaka avkrok, tett på ein eldre generasjon som dyrka skillingsvisetradisjonen til det ytste tåredryppande refreng, er det uungåeleg å gå upåverka vidare i livet. Kommodeskuffa på jenterommet vakta kladdeboka med sirleg nednoterte nidtriste viser, der dei mørkaste arka krølla seg under under dropar felt i medynk då skattesamlaren gjennomlevde mishandling, sorg og sjukdom med dei små taterborna i eit omflakkande liv. Kassetten med Rita Engebretsen spola utrøytteleg gjennom, Ragnhildar, tullingar og salar på hospitalet med klingande stemme, medan bestemor nært og sårt spann seg gjennom den eine tatervisa tristare enn den andre, akkompagnert av den taktfaste rokken i klevan.

Sidan kom Hilde Heltberg og Lars Klevstrand, Casino Steel og Claudia Scott med nyare viser som gjorde inntrykk og fekk sin fortente plass i kladdeboka -tekster om elver i hovudstaden og lidande hjartesorg som heimsøkte ungjenta i draumane nattestid. Sist på 80-talet nådde musikklivet nye høgder med artistar som sidan aldri gjekk av moten, der Pink Flloyd, Scorpions, Queen, Bon Jovi og Bryan Adams og ei rekkje andre godbitar musiserte seg inn i mangt eit ope ungpikesinn -og gutehjarte for den sak. Kladdeboka fekk kvile, og tekstene levde sitt eige liv via ruskete kassettspelarar og sprakete høgtalarar over hattehylla på rånebilane i det grislendte lansdskapet. Som ein kvilelaus attgangar har musikken utrøytteleg følgt jenta frå avkroken gjennom ulike stadiar livet, og med sin eksistens gjort kvar dag rikare. Men jenta gløymer aldri det første møtet med toneverda -den første songen ved sengekanten, og dei skjelvande, triste tonane framved rokken i bestemorstugun.

Biblioteket bognar for tida av ny, norsk musikk i ymse sjangrar, og står berre og hoppar i hylla i håp om å få utfalde seg i spelarane rundt om i ymse lomske heimar. Deriblant har Veronica Akselsen kome med ei aldelest nydeleg samling taterviser, inderleg godt formidla med hennar klingande klare, jordnære stemme -som her om dagen ljoma ut gjennom døra til bakrommet, der to vise tørka tårer til lunsjen... Av meir kjende artistar kan nemnast Odd Nordstoga, Sigvart Dagsland, Bjørn Eidsvåg og Ida Jenshus. Kom, lån og høyr!

Nynnande bloggar: Merete

5 kommentarer:

  1. Den fyrste song og mange andre songar blir dessutan å høyre (og å nynne med i) sundag kveld kl. 19 i Lom samfunnshus. Nær 100 songarar og musikarar i aksjon. Songen er ei livsnerve og eit universelt språk.

    SvarSlett
  2. Ja, dette har jo folk til alle tider overlevd på -gjennom all tenkjeleg og utenkjeleg naud. Tonane og dei munnlege forteljingane kjem vi aldri utanom, og i Lom lever denne kulturen særs sterkt. Lykke til med helga -dette blir artig!

    SvarSlett
  3. Husker du russesanngen vår, I et rom på Drengestuggu? Relativt triste saker...

    SvarSlett
  4. Hehe, nei det hugsar eg faktisk ikkje, men sjefen hugsar godt at skillingsvisene surra og gjekk på handarbeidssalen i gymnastida... Har du russesangen vår, kanskje?

    SvarSlett
  5. Ja, skillingviser og strikkepinner som klapret i takt. Gode tider:) jeg har sikker russesangen liggende i Barndommens dal, men den begynte ihvertfall med " I et rom på Drengestuggu, sitter atten røde russ...." ganske begredelige saker.

    SvarSlett