Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 8. februar 2011

Ord blir fattige

Lite visste eg om korleis denne dagen skulle bli da eg reiste på arbeid. I bilen spelte ungene Rihannas Only Girl, vi prata om at det var godt med god tid om morgonen, og vi ynskte kvarandre ein fin dag i skulegarden og barnehagen. Ein god morgon for små og store.
I hovudet mitt surra det ulike tema og emne som det kunne bli ein blogg av. Det eg var heilt sikker på, var at eg skulle skrive varmt om boka eg les for tida; Det usynlige fjellet av Carolina De Robertis. Boka fortel historia om tre sterke og sjølvstendige kvinner i ein familie gjennom tre generasjonar, og strekkjer seg frå Uruguay til Argentina. Romanen skildrar med så godt språk dei ulike skjebanane i slekta, og gjev samstundes eit bilde av 1900-talets Sør-Amerika.   

The Invisible Mountain vart kåra til ein av dei ti beste debutromanane i 2009 av amerikanske Booklist. Ein aktuell, poetisk, magisk og historisk roman om kvinneskjebnar, revolusjon og kjærleik. Den fyrste dagen i året 1900 er den vesle landsbyen i Uruguay vitne til eit under. Ei lita jente kjem til syne i eit tre etter å ha vore burte i fleire månader. Vidunderbarnet, Pajarita, blir seinere stammor til ei rekkje uvanleg sterke og sjølvstendige kvinner. Frå Rio de Janeiro til Eva Peróns glitrande Buenos Aires, frå landsbyens slaktarbutikk til den amerikanske ambassaden i Montevideo - denne storslåtte romanen teiknar eit rikt bilde av dei samantvinna skjebnane til eit kontinent og ein familie i omveltning. Ord blir fattige når eg skal beskrive romanen, les den og nyt den sjølv.


Ord blir også fattige når eg ser kor treffande det vart med boka om sterke kvinner akkurat i dag. Dagen eg ikkje visste kva ville bringe, men som så brått vart fylt med triste tankar, og det evige spørsmålet om kva som er meininga med ulike hendingar rundt oss. 
Eg kjenner mange sterke kvinner, men i dag går tankane mine til ei kvinne eg veit om som brått har fått livet snudd opp - ned. Ho må vere sterk i dag, og lenge framover - det vil for oss utanforståande vere mange usynlege fjell denne kvinna må forsere. Det treng ein lang tid på. Gje ho det.


Annakvart menneske fortalde:
...men livet går vidare...

det var ikkje slik
livet gjekk ikkje vidare

det stod stille

som når Goffa stansa
den store klokka på veggen
om kvelden
og livet var tyst
kvar natt

fleire somrar og vintrar
var det tyst

Først nå har Goffa trekt klokkestrengene oppatt
klokka sviv
smått om senn

smått om senn.     (Liv Lande)

Bloggar: Aud

3 kommentarer:

  1. Sterkt og vakkert skrive, Aud. Det vart ein dag i vemod dette:'(

    Mvh Gunn Berit

    SvarSlett
  2. Takk for det, Gunn Berit. Det er ikkje enkelt finne ord slike triste dagar.

    Aud

    SvarSlett
  3. Sterk lesning! Måtte hun finne en styrke hun ikke visste hun hadde. Mange varme tanker.

    Eldri

    SvarSlett