To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 14. januar 2011

Polaråret

I år er det 100 år sidan Roald Amundsen og hans menn nådde Sør-Polen. På dagen i dag, 14. januar 1911 kom «Fram» fram til Antarktis. Deretter var det fremad marsj fram til polpunktet som vart nådd 14. desember same år, ei skilengd eller to framfor Robert Falcon Scott  http://no.wikipedia.org/wiki/Roald_Amundsen.

Polarutstilling
Det er også 150 år sidan Fridtjof Nansen vart fødd. I tillegg til å gå på ski over Grønnland, krysse Polhavet på veg til Nordpolen med same "Fram" som Amundsen seinare fekk låne, og reise gjennom Sibir, er Nansen også kjend for sin innsats for flyktningar og sitt humanitære engasjement. I 1921 vart han utnemnd til Folkeforbundet sin fyrste høgkommisær for flyktningar og skapte Nansenpasset for å hjelpe statslause flyktningar. Året etter fekk han Nobels fredspris for sitt humanitære og fredsskapande arbeid http://no.wikipedia.org/wiki/Fridtjof_Nansen. Vil de lese meir eller sjå filmar om polarheltane våre, kan de ta turen innom!

Det er lite truleg at tre vise nokon gong når polpunkta. Vi kryp inntil varmeomnane og nøyer oss med utsikta frå glasa i den gamle prestegarden i polarvinterveret som er over oss på nytt. God helg ved pol og ved peis!

Bloggar med peis og pledd: Rita

2 kommentarer:

  1. Her i huset har den yngste hatt voldsomme ambisjoner om å gå til Nordpolen, men da hun skjønte at det innebar ukesvis uten mulighet for dusj og innedo begynte hun å tvile på om dette var noe for henne.
    Selv nøyer jeg meg med jevnlige turer til vårt lokale pol, dit kan jeg kjøre bil noe som passer meg helt ypperlig. Ha en strålende helg i vinterkulda!

    SvarSlett
  2. Underteikna støttar både den yngste og eldste av Storli-jentene i deira syn på polutflukter! Forfrysningar er oppskrytt! Med ynskje om ei strålande god helg ved ei høveleg varmekjelde!
    R

    SvarSlett