Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 18. januar 2011

Maria...

Namnet Maria har vore på dei fleste sine lepper den siste veka. Så også her i den gamle prestegarden. Når vi akkurat er ferdige med den årlege jomfru Maria, dukkar mennesket Maria Amelie, saken Maria Amelie, boka til Maria Amelie opp - vi bør alle ha tankar om noko av dette. Underteikna skal ikkje på nokon måte gå inn i norsk asylpolitikk, eg kan og veit altfor lite om regelverk, og eg veit altfor lite om asylsøkjaren Maria Amelie og hennar historie. Men at ho har fått fram nye diskusjonar om politikk, makt og handtering av enkeltmenneske, i media det er heilt sikkert.  Det eg har sett, gjer at eg kan skjøne at ein del stiller spørsmål ved ressursbruk og framgangsmåte i slike saker, versus andre "kriminelle" hendingar vi til dagleg høyrer om. Samstundes kan det ikkje vere slik at vi lar folk opphalde seg her i mange år, særleg ungar, og så brått skyssar dei på dør. Sjølv om vi veit at det ikkje kjem brått på den det gjeld, det er i Amelie sitt tilfelle vore kjent for henne sidan endeleg vedtak i mars 2004, så bør ein vel kanskje skåne vedkomande for ei lang ventetid på avskjeden. Det skal vel heller ikkje vere slik at ein skal særbehandlast fordi ein er ressurssterk, og får saka si løfta opp og fram i media.

Men at vi alle, uansett standpunkt, eller tankar omkring dette, bør lese boka hennar - det meiner eg.
Vi som sit trygt og godt i våre heimar - om korleis det er og vere papirlaus flyktning i eit tilvære utan kvile eller ro... Vi er berre eit menneske alle saman.

Maria er ei opprinneleg latinsk og gresk form av det hebraiske kvinnenamnet Miriam. Tydinga av namnet er omstridt, men namnet er eit av dei mest utbreidde i den vestlege verda, men også veldig mykje brukt i ulike variantar i heile verda. Nokon av dei mest referete forklaringane er at namnet kjem av elsket / å elske, kjærleik, men er også knytt til tydinga opprørsk, samt vakker, sterk, og mor. Kanskje er det ikkje for ingenting at Madina Salamova brukar pseudonymet Maria Amelie.

Maria er eit namn alle har knytt visse assosiasjonar til. Vi har vår barnelære om jomfru Maria, vi har Maria Magdalena, vi har mange Maria- keiserinner og dronningar, vi har skodespelarar som Maria Bonnevie og vi har forfattaren  Maria Gripe, sangere som Maria Haukaas Storeng, Arredondo, Mena og Mariah Carey...








Say-no-more-bloggar: Aud

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar