To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 21. januar 2011

Vinter med rett og vrangt...

Frå gammalt av var det sjølvsagt at jentungane tidleg laut svinge heklekroken og klirre med sneisene for å bli dugande kjerringemne.  Medan gutane fekk boltre seg på sløyden med gilde reiskapar som kravde sin mann og sine musklar, sat jentene pynteleg tilknepte på stas på kvar sin krakk og broderte sirlege sting i vakkert mønster, eller strikka seg gilde bind til praktisk bruk på tyngre dagar. Tenleg skulle det vera, sjølv om sugeevne i sistnemnde objekt nok kunne variere med med meir eller mindre fingernem strikkefastheit...

Då min eigen barndom nådde formingssalen, hadde likestilling og utvikling kome så langt at gutar og jenter handterte felles reiskap og hjelpemiddel i arbeidet mot eit felles mål i faget -det vere seg tråkling og sying av forkle eller snekring og pussing av fuglebur. Trengt langt bak i minnet hugsar eg vagt ein sterkt filoett vott, mitt første verkelege strikkeprosjekt, som ved endt avfelling vart ein enorm, slapp pung ispedd digre hol, og med ein knøttliten, knallhard tott stikkande stivt ut på eine sida... Med ei eldre syster som i årevis hadde trylla fram kunstferdige produkt med både sneis og krok, var det ein aldri så liten nedtur å sjå den ferdige votten min -ja, for det vart berre èin, noko lærarinna aldri sa meir om...

Ørlitegrann meir tilfredstillande vart det då eg opplevde ei anna jente som sleit enno meir med utvikling av sine hjelpelause handarbeidsdugleikar. Medan klassekameratane sat ivrige og hekla faste gryteklutar med kvasse heklekrokar og tynt, fint garn, fekk denne jenta med seg heim ein uhorveleg gild heklekrok og eit knall oransje, tjukt garn. Illsint og oppgitt sat ho og hekla ei klumpete luftmaskesnor i heimelekse... Faren i huset vart så fortvila over dei trehendte nevane til dottera at han demonstrativt la opp sin eigen bunding, ein trå liten klut han så vidt klarte å forflytte på sneisa der han satt tilfreds nedsunke i godstolen. Det høyrer med til historia at vedkomande jente gav min førstefødde ein velstrikka, søt genser i barsenggåve, utan at ho måtte gå vegen om dei no så populære, aggressive krosstingsbroderia!

Med åra vart eg sjølv ein rett så ivrig handarbeidsentusiast, og fingrane har traktert både heklekrok, brodèrnål og sneiser etter tur, men forundringa vart stor då eg for eit par år sidan skulle strikke mine første raglanermer. Då ermene vel var strikka inn på rundsneisa, hekk dei som to lange pattar midt frampå bringa, medan ryggen glimra med ei overdådig breiside... Eg takkar mor for hjelpa med å tvinne i land dette prosjektet, og gler meg på helga -eg er nemleg komen langt oppover bolen på eit nytt plagg, etter inspirasjon frå boka "Norsk strikk" :-)

Retteleg god helg -det vere seg i runddans eller med rundsneis!


Bloggar:  Merete med sneis

4 kommentarer:

  1. Tida for strikkavotter er tilbake med Vinjerock som har lansert Ølvotten. Ja, bare én.

    SvarSlett
  2. Ja, og med strikkepub attpå til!

    SvarSlett
  3. På strikkepub kan man ta seg en strikkepinne:)

    SvarSlett
  4. Hahaha! Og sidan går srikkinga av seg sjølv..?

    SvarSlett