Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 11. januar 2011

Danse mi vise..


Vinden blæs synna, og vinden blæs norda,
lyset og skuggen er syskjen på jorda.
Sommarn er stutt og vintern er lang.
Danse mi vise, gråte min sang.

Nytt år, og nye - eller er det kan hende gamle og ubrukte, moglegheiter ligg framfor oss. Det er uansett aldri for seint og ta tak i det vi måtte ynskje og endre eller utvikle. Underteikna er ikkje "plaga" med kortsiktige nyttårsforsett, eg er nok heller ein person som har lært meg og sjå at mange ting tek tid. Laaang tid... Kanskje fordi eg i min relativt høge alder er så rik på erfaringar om at ein ikkje alltid lykkast med denslags lovnader overfor seg sjølv.
 
Innunder yta gli moldmørke årer.
Blåveisen blømer i gråbleike vårer.
Livstrua bryt gjennom tele og tvang.
Danse mi vise, gråte min sang.
 
Men eg har lova meg sjølv at eg kvar dag, og kvart år, skal utvikle trua eg har på livet! Det eg arbeider med er korleis eg skal leve mitt liv, eit godt liv slik eg ynskjer det skal vere for meg og mine. Dette er ikkje alltid så enkelt. Det handlar fyrst og fremst om mitt eige bilde på meg sjølv, sjølvinnsikt og ikkje minst respekt for meg sjølv. Kva verdi eg set på meg sjølv. Eit viktig aspekt ved eit godt liv er for meg å kunne oppleva friheit til å vera eit likeverdig, sjølvhevdande og trygt menneske. Eg må ha tillit til meg sjølv. Har eg det?
 
Friarar er vi, om vona er lita.
Nynn om 'a Berit, så får du 'a Brita.
Drøm på din sten at du sit på et fang.
Danse mi vise, gråte min sang.
 
Eg har ikkje valgt mine venner ut frå at eg kan tene på vennskapet, men ut frå kven den andre er. Vi gjer eit val ut frå kven vi er, og vi blir valgt ut frå den vi er. Gjennom vennskap kan vi finne stadfesting på vår eigen identitet. Dersom eg gjev meg sjølv full tillit, betyr det at eg vel også meg sjølv som venn. Og vere venn med seg sjølv er eit godt utganspunkt for vennskap med andre. Mine venner betyr så mykje for meg, det er viktig at eg - og dei, gjev tid og rom, gjerne eit fang, som understrekar vennskapet.
 
 
 
Somme er fattige, somme er rike.
Bare tel slutt er vi jamsis og like.
Vegen er lystig og vegen er vrang.
Danse mi vise, gråte min sang.
-Einar Skjæraasen-
 


Det er nok dessverre slik som Skjæraasen beskriv det, livet gjev oss ulike gleder og byrder. Men alle levande menneske har eigentleg det til felles at dei er født som vinnarar. Vi vann ei svømmkonkurranse medan vi var bittesmå, og blir født som vinnarar. Etter fødselen handlar det fyrst og fremst om at vi skal utvikle oss som individ og personlegheit på alle plan og områder. Så må vi finne rom for å utvikle det gode livet, noko som vil ha eit anna innhald for deg enn for meg, nettopp fordi vi er ulike. Men vi har også mykjy felles, gløymer vi det er vi på villspor. Lykke til!

Bloggar i det filosofiske hjørnet: Aud 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar