Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 7. januar 2011

Torsdagkveld frå biblioteket

Kveldsvakt. Så mange koselege menneske som har vore innom i dag! Dette må jammen bloggast om! Utlån: Havets stjerne. Andre turen til biblioteket i dag for lånar O. Koseleg prat ved skranka med lånar M om kor fint det er å treffast her og slå av ein prat. Hjartevarme! Samtale om gamle foreldre og livets gang. Om det leie og såre. Om lesing som terapi. Og latter. Mykje latter. Får lyst til å slå armane kring deg og kose deg, O! Gjer det sjølvsagt ikkje.

Telefon frå Gran. Problem med heimesida vår. Ja da, skal ordnast. Gul lapp. Utlån: Digiboka Den urolige mannen. Samtale om lydbøker og den uvisse framtida. Tips til god bok frå lånar S: Hotellet på hjørnet av Bitter & Sweet. Om integreringa av japanarar i USA etter Pearl Harbor. Var og fin historie. Kjem på at eg skulle funne dikt til i morgon. Bokhaugen på tralla veks. Vi får besøk av ein talentfull ung mann som vil lesa inn dikt til fjelldiktbloggen. Ein blogg under utarbeiding. Bit neglar. Sjekkar e-post frå Olav om tips til forbetringar i bloggen. Takk Olav! Når skal dette gjerast tru? Utlån: Tor Jonsson: Dikt i samling til lånar K. YES! Bra at nokon les Tor! Stayin' alive, stayin' alive! Geirr Lystrup i februar. Ja, skal ta kontakt med skulane snart. Veldig snart. Helst i går. Gul lapp. Ser det ligg ein tilsvarande på pulten frå før.

Utlån: Murakami: After dark. Lånar A likte å høyre Elskede Sputnik i bilen. Vil ha fleire. Heldigvis tre bøker på hylla. Tilfreds. Tenkjer på viskvinna sitt mislykka Murakami-forsøk. Bør prøve på nytt. Bibliotekprogrammet nede. Logg av. Logg på. Desperat jakt etter godbitar på bakrommet. Det er renska. Har ein hovudmistenkt. Ei som lever på hjartesalat og reker for tida. Heilt nedst i skuffa i kjøleskapet har ei pakke Bamsemums overlevd sidan oktober. Utruleg, men YES! Kaffe og mums, mums, mums, mu... Utlån: No country for old men. Lånar J etterlyste actionfilmar. Uvisskvinna usikker på actionnivået. Men satsar på at kvaliteten held mål hos brørne frå Coen. Burde sett fleire filmar au. Nei, x-boxane kan ikkje brukast enda. Vi må lage krystallklare og greie reglar fyrst. Gul lapp. Telefonen ringjer. Noter til Regnværsdag av Lillebjørn Nilsen. Nå? Jaja, sikkert ein god grunn. Ja, vi skaffar noter til måndag.



Beste leseoppleving i jula og på lenge: "Før jeg brenner ned" av Gaute Heivoll. Brente seg fast.

Mumsande bloggar: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar