Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 4. januar 2011

Ku-rock og golvpeparkaker

Jula 2010 har fått ein varig plass i minnebanken. Høgtidsveka inneheldt i år så mange svarte dagar på almanakken at døra inn til Bøkenes Hus vart opna for gjestar heile 4 iskalde dagar -stunder som baud på ymse innhald...

Måndag troppa underteikna opp på helseheimen for å ha lesestund for den gruppa vi kanskje når minst i det daglege. Ei artig utfordring som verkeleg gav meirsmak! Eg hadde frilyndt invitert meg sjølv, og det var ikkje fritt for anna enn at eg var spent på om nokon ville dukke opp i det heile. Men dei enormt sprelske skildringane til Ivar Kleiven etterfulgt av Prøysen si vakre forteljing om Jordmor-Matja var nok grom romjulsføde for det lydhøyre publikumet. Gamle ord, som i dag har gått ut av vokabularet til dei fleste av oss, vart lyfta fram att i dagen og innhaldsmessig gjennomdiskutert. Og lesaren sjølv gynga seg behageleg gjennom sidene, mjukt plassert i den gilde gyngestolen i storstugua. Eg laut love å ta med dikt i veska ved eit seinare høve, før eg putra meg tilfreds nedover att i den knitrande julesnøen...

Tysdag gjekk som normalt, kun med litt redusert opningstid, før vi onsdag morgon møtte opp alle 3 i flokk -meir eller mindre utkvilde... Mitt spede framlegg om å ha ei fredeleg, lita lesestund også for dei minste lånarane i jula, utarta til å bli eit heilt teaterstykke då sjefen fekk smakt på idèen ei ri. Sjølvgod og smårampete kravde ho å få ikle seg Pippi-rolla denne dagen, medan Aud laut gå rautande rundt som Mamma Mø med struttande jur i vinterkulda og bake kaker med ei trillrund, raudmussande teskeikjerring. Manus vart omhyggjeleg korrigert av Pippi heilt til generalprøva skulle gjennomstressast 30 minutt før avspark, så nervene formeleg taut ut av forkle og horn på dei lydige tenarane. Vel i hamn ein liten time seinare, kunne alle 3 lykkeleg konstatere at vi overlevde denne gongen også!


Golvpeparkaker -YUMMI!!

Mamma Mø i svingande ku-rock

...blir eg så lita som ei teskei...

"E ha bærre kosa me i jul`n, e!"

Dei neste 5 vekene skal vi ha Kristin i praksis hjå oss, og stakkars dame veit lite om kva for oppgåver ein kan bli sett til å gjere her på huset... Vi takkar for det gamle året, og gler oss på nye sprell i tida framover!

Teskeibloggar: Merete
Takk til fotograf Berit Smaaland!


2 kommentarer:

  1. så flinke dere er! Hils Kristin, det går sikkert helt fint, og kanskje hun må gjesteblogge litt?

    SvarSlett
  2. Flinke og flinke, fru Storlien -stortenkte er vel meir passande... Men det er klart det går fint med Kristin! Og ho skal nok få prøve seg både i eitt og hitt når vi først har ho i hus, ja :-)

    SvarSlett