Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 21. desember 2010

Romjulsdrøm eller simply the best?

Jada jada, så får sjefen oss nok ein gong til å stille i meir eller mindre elegante kostyme på arbeid. Eg skal rusle rundt her, utkledd som ku, sjølvsagt - møøøø... Og det midt i romjula, er det ein drøm eller eitt  steg opp og fram? Det er likevel ikkje heilt det same som å skulle vøri fire år i romjuln, og kjint ei jinte som var nesten fem, og begge skulle kledd seg ut med masker...
Eg vil eigentleg seie ho var litt i overkant Pippi-sterk denne gongen, sjefen, ho overtala nesten den mellomvise Teskeikjerringa fyrst, så ringde ho meg, perfect timing, eg var så opptatt at eg sa berre ja til det ho spurde om. Trudde at ho og Teskeikjerringa var einige om at det var ein god idè med ei framsyning her i romjula, men nå viser det seg at den smånette kjerringa hadde vore litt skeptisk til Pippi Lotta sine ville idèar, og satsa på at eg heilt sikkert kom til å seie nei... Noko eg merkeleg nok ikkje gjorde. Klauvane mine blir kaldare og frosnare for kvar ein som melder om at dei vil sjå framsyninga vår. Får egentleg småilt i alle mine 4 kumagar også. For det er èin ting og kle seg ut og spele litt teater for takknemlege barnehagebarn - men nå skal altså foreldra deira sjå oss òg! Møøø...

Underteikna er ingen skodespelar, og ikkje har eg ei Rigmor Galtung i ermet heller, men eg har heldigvis med meg to garva julebukkar. Eg er dessutan glad eg har fire føt den dagen, dersom eg treng "èin i kvar fot" før avkast! Men framsyning blir det, velkomne til ei uhøgtideleg seanse på Lom folkebibliotek 5.dag jul!
Opningstidene våre ellers i jula finn døkk på heimesida vår:  http://www.lom.kommune.no/biblioteket

Rigmor Galtung gav nyleg ut ei bok om korleis det er å slite med depresjon. Til tross for en vellykka karriere som komikar og humorist har hun heile tida hatt ei kjensle av å ikkje å vere bra nok. Her fortel ho om sine erfaringar og om ferda fram mot å bli den ho eigentleg er. Ei bra bok for mange av oss, uavhengig av depresjonar.



Ikkje alle jenter kvir seg like mykje til sine sceneframsyningar som eg - dei har trena hardt, lenge, er svært målretta, atletiske, og ikkje minst har dei trua på at dei kan bli best, simply the best. Ikkje heilt som eg, sjølv om eg også har trua på at vi tre vise kan gjere det bra, men håndballjentene våre har altså det aller beste utgangspunkt for å bli Europameistere!
Eg er ein gamal (svært gamal) håndballspelar, men har aldri lagt bort interessa for håndball. Og gud-fri-meg kor glad eg er for det i desse dagar! For ein fantastisk idrett, og for ein fantastisk gjeng med jenter!
Gratulere så mykje med ein velfortent seier!

Med ynskje om ei riktig GOD JUL og ei morosam og underhaldande romjul til små og store scenekunstnarar, og andre folk og dyr!
Let`s go... Dream on... Do the best you can... Med den utradisjonelle julesangen:




Bloggar på vegne av Pippi Lotta Victualia, Teskeikjerringa og
Mamma Mø: Aud den gruvsame











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar