Kulda riv i nasebusta, augvippene telar fast til luggen, stilongsen luggar i leggjepelsen og Sjefen riv i nakkehåra... Sjå kor Dama strålar der ho kneisar med nakken og grev klørne langt inn i nakkeblukua på dei føyelege undersåttane sine!
HA!
Dersom nokon enno ikkje har funne gåve far kan finne under juletreet i år, satsar vi no gildt på produksjon av ekslusive, varme boksershortsar med 3 vise-motiv til pynt (slett ikkje på kanten, men på pynten...). Om ikkje dette fristar, har du framleis sjansen til å handle julegåver av arbeidssenteret i Lom. Dei har førjulssal på biblioteket i dag, og søte mus, vakre puter og forseggjorte smykker går fort unna!
Denne musekaren vil gjerne passe på osten din i jula...
Bloggar: Modell-Merete
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar