Det lovede landet |
For kva var det som fekk Nelson Mandela til å halde ut i fengselet på Robben Island i 27 år? Kva var det som heldt fangane i Auschwitz i live gjennom svolt og tortur? Kva var det som fekk Martin Luther King til å gløde? Kva er det som held kvardagsmenneske i vanskelege livssituasjonar, om dei bur i Rwanda eller på Frogner, oppegåande? Kven er desse som overlever dei mest ekstreme kriser? Jau, det er dei som ber på den sterkaste Draumen.
Å leve en drøm |
Draumen om Gongga Shan |
Før eg vart ung og klok, eg var kanskje 6 eller 8, var eg glødande oppteken av kunstløp. Det var på den tida dei sende kunstløp på riksdekkjande monopol-TV, iallefall under dei store meisterskapa. Kvar gong Irina Rodnina kledd i sine yndige, små kreasjonar, hadde dansa over skjermen, blitt løfta høgt til vers, kasta ut i triple Toe loopar og doble Axlar, blitt fanga trygt i dei sterke armane til Alexander Zaitsev til kommentarane frå ein paljettbesett Knut Bjørnsen, treftes vi tre små ballerina-to-be venninnene i Bakkebygrenda til isdans på jordet. Vi skal ikkje påstå at isen var den beste, dei lånte skeisene eit par nummer for små, bobledressane utan ynde og dei sterke dansepartnarane glimra med sitt fråver, men vi hadde denne Draumen. Han vart aldri levd ut. I det siste har til og med underteikna innsett at han nok aldri blir det heller. Men bortsett frå nokre blåfrosne, ihopkrøkte tær, tok vi ingen skade. Draumen drog oss ut, aktiviserte oss, koordinerte oss og budde oss på knall og fall litt lenger fram på ferdi. Og neste gong vi reiser til New York, isballerinaer, skal vi segle over isen ved Rockefeller Center før vi ein gong avsluttar med dødsspiralen på det ytste skjær.
Dream on!
Blogghelsing Rita Irina
haha, det må ha vært et syn! Vi hadde ikke tilgang på is, så vi viet oss til turning på "sletta ved tannlegen". Der spratt vi yndig rundt blant brennesle og sauer, lekte Nadia og hva nå enn de het, skrek ut poengtall til hverandre og så lyst på livet. dessverre forsvant ynden i god tid før gymtimene langsmed Drengestugu...
SvarSlettDet var sommardraumen, fru Storlien, turndronning som Olga Korbot! Kan fortsatt utføre helsinga før hoppet, høgre arm i veret, strak og spenstig kropp, snu seg til båe sider... Uff, denne kvelande realitetsorienteringa!
SvarSlettR
Stemmer det. Vinterdrømmen min var å være Brit Pettersen eller Berit Aunli. Av jålete årsaker var førstnevnte mest ettertraktet som forbilde. Nå drømmer jeg bare om å vinne i Lotto, men den drømmen må jeg nok bære på en stund ettersom jeg hevr uke glemmer å spille lotto. For selv om jeg har elendig vinnerlykke ville det nok hjelpe å slenge inn en kupong i ny og ne.
SvarSlettDet gjer eg, i ny og iblant i ne, men det hjelp ikkje det heller!
SvarSlettR
Det er den draumen
SvarSlettDet er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
- Olav H. Hauge
Jeg drømte om ære og berømmelse i langrennssporet, langbeint som jeg var, - og er :-)
Ja, det er den Draumen, Eldbjørg, hadde diktet i bakhovudet!
SvarSlettR