![]() |
| Det lovede landet |
For kva var det som fekk Nelson Mandela til å halde ut i fengselet på Robben Island i 27 år? Kva var det som heldt fangane i Auschwitz i live gjennom svolt og tortur? Kva var det som fekk Martin Luther King til å gløde? Kva er det som held kvardagsmenneske i vanskelege livssituasjonar, om dei bur i Rwanda eller på Frogner, oppegåande? Kven er desse som overlever dei mest ekstreme kriser? Jau, det er dei som ber på den sterkaste Draumen.
![]() |
| Å leve en drøm |
![]() |
| Draumen om Gongga Shan |
Før eg vart ung og klok, eg var kanskje 6 eller 8, var eg glødande oppteken av kunstløp. Det var på den tida dei sende kunstløp på riksdekkjande monopol-TV, iallefall under dei store meisterskapa. Kvar gong Irina Rodnina kledd i sine yndige, små kreasjonar, hadde dansa over skjermen, blitt løfta høgt til vers, kasta ut i triple Toe loopar og doble Axlar, blitt fanga trygt i dei sterke armane til Alexander Zaitsev til kommentarane frå ein paljettbesett Knut Bjørnsen, treftes vi tre små ballerina-to-be venninnene i Bakkebygrenda til isdans på jordet. Vi skal ikkje påstå at isen var den beste, dei lånte skeisene eit par nummer for små, bobledressane utan ynde og dei sterke dansepartnarane glimra med sitt fråver, men vi hadde denne Draumen. Han vart aldri levd ut. I det siste har til og med underteikna innsett at han nok aldri blir det heller. Men bortsett frå nokre blåfrosne, ihopkrøkte tær, tok vi ingen skade. Draumen drog oss ut, aktiviserte oss, koordinerte oss og budde oss på knall og fall litt lenger fram på ferdi. Og neste gong vi reiser til New York, isballerinaer, skal vi segle over isen ved Rockefeller Center før vi ein gong avsluttar med dødsspiralen på det ytste skjær.
Dream on!
Blogghelsing Rita Irina


