To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 7. desember 2010

Ein vanleg morgon i istida

3 vise har nesten fått balansert kvardagen att etter fotoøkta i Studio M. Om vi ikkje heng så i stroppen denne veka som vi gjorde frå nokre dagar sidan, så heng vi nå i raude silkeband - og ser langt etter sola på Liafjellet.
Men også ny-varme drøymande fotomodellar dett fort nedpå jorda att når verkelegheita innhentar dei. Ei iskald verkelegheit. Underteikna var sist vinter positiv til både kulde og vinter, prøvde halde oppe motet med å tenkje på kva alternativ vi hadde. Eg ville ikkje ha vind, regn eller hålke, altså var det greitt med minus 30 i mange veker, vi hadde da snø! Men når vi nå atter har mangeogtjuge kuldegrader i veke etter veke, og ikkje snø, er eg ikkje lenger så vennleg innstilt overfor denne årstida. Eg ser ikkje heilt kva vi skal med klare vintermorgonar, men kan gjerne ta i mot vår og sommar når som helst for å vere heilt ærleg!



Det hjelp egentleg ikkje kor vakkert ting blir av rim, eller i frostrøyk - ingen kan vel leve av berre vakre motiv?!  Det blir omtrent som å tisse på seg, varmt berre eit augeblikk. Så må ein blunke, bera inn meir ved, fyre og fyre (i 3 ovnar), bera oske ut att, fyre enda meir - vaske forkulla fingrar, støvsuge vedsorp, fyre, ut og sjekke at motorvarmaren står i - og om den virkar - fyre, fòre unger, kattar og bikkje, fyre, mase på ungar om ullklede, lue og vottar, fyre litt til - så er vi kanskje klare for å reise på skule, barnehage og arbeid. Men da har eg faktisk vorte varm au!

I tillegg til varmen dei huslege syslane gjev, har ungane fått fram ein litt amper sveitte på meg fleire gonger lenge før morgon-andakta.
Dei er ueinige om kva dei skal sjå på tv frå morgonen av, evt kor lenge kvar får sjå på det dei vil, og alltid har den eine gøymt fjernkontrollane for den andre. Omsider ferdige med tv-seansen, så må vi slåss litt om plassen i gangen - fordi alle MÅ ha på seg så mykje klede, puh - endeleg ute i frisk luft (!) - da kranglar vi om kven som skal sitte kvar i bilen, og når vi etter litt om og men får satt oss, ja da er det store temaet kva musikk vi skal høyre på i dei neste snaue 10 minutta. Ofte får veslebror viljen sin her, men da må vi for all del slå ned lyden når storesyster går ut av bilen ved skulen - ingen må for guds skuld høyre kva musikk vi spelar! Det er mange bitar som skal på plass ein kald vintermorgon ser du - men det er kaldt berre utanpå...

For inni meg er det varmt, uansett vær og temperatur ute. Eg er så heldig som har hus, ved og vatn - og som har desse kverulerande, men smellgode og rause ungane, - og som kan reise på arbeid, ha det fint i lag med gode kollegaer, medan motorvarmaren hjelp meg med bilen, og når vi får kjempa oss heimatt om ettermiddagen, er det jammen framleis godt og varmt i huset vårt - kjekt med ein heimearbeidande mann! Kanskje vi greier oss gjennom denne vinteren og kaldværet òg!

Ha ein varm ettermiddag!

Kald, men likevel varm bloggar: Mor Aud

2 kommentarer:

  1. Å så flott skrive!! Jammen er det viktig å GLEDE seg over dei små tinga i kvardagen !!!!! Gerd M

    SvarSlett
  2. Tusen takk Gerd M!
    Eg har lett for å ende opp med slike "påminningar", kan kanskje vere sosionomen som framleis tittar innom.. Vil så gjerne at alle skal ha det like godt som eg, men er smerteleg klar over at livet og våre valg fargar den vi er, og det vi har.
    Aud

    SvarSlett