Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 26. november 2010

Lomværen

Det trauste, fastgrodde folketyet som i generasjonar har brødfødd seg i bygda mellom dei høge fjella som skjermar for vèr og annan lumsk påverknad utanfrå, har alltid vore noko for seg sjølv. Sjølve vel vi naturlegvis å tru at vi er eit hardtarbeidande, utadvendt folk med ei gjestmild, humoristisk sjel som aldri har opplevd jantelov i praksis. God mat har i generasjonar vore varemerket for dølane, og festlivet har Olav Aukrust skildra ein gong for alle i "Aksion på Tande":

...at dansast skul` det, til mergen bråna,
og skjurta stod att på golvè tom.
Og blo` og brennvin og kokte andlìt
og dans og huing vart rus og vanvìt,
   og glas vart knasa,
   og dyret rasa
og ståka ytre og verr`  og verr`,
og fleir` og fleire drakk spriten berr.

Ved nærare ettersyn finn ein derimot ut at dette kanskje ikkje er heilt representativt for lomværen. Elise Aubert, dotter til sokneprest Nils Frederik Julius Aars og Sofie Elisabeth Stabel, har skrive ei framifrå skildring om oppveksten sin i ymse prestgardar rundt omkring i Noreg: "Fra de gamle Prestegaarde". I 1851 flytta familien til den gilde prestegarden i Lom, og 3 år seinare kom samfunns- og kulturforskar Eilert Sundt på studieopphald til Lom. I denne tida budde han og fru Sundt i prestegarden hos Aars. Sundt kom til avkroksbygda for å "undersøge de lavere Folkeklassers Kaar og Sæder". Etter ymse besøk rundt i bygda bar fru Sundt seg m.a. for matlaginga hos grendenefolket: "Sukker på Ribbenstegen og Gammelost i Ludefisksuppen, hvad var nu det for noget? Det smagte gyselig." Iherdig forsøk på å få bondekonene til å nytte tida til handarbeid i bryllup, fall heller ikkje i god jord hos lomskvinnfolka: "Der skulde en sidde "haavar" og "anstændug" med Hænderne knepte over Lommetørklædet."

Omdømmet vårt i seinare tid har gjort fru Sundt sine oppdagingar til skamme kva mattradisjon vedgår etter at m.a. Arne Brimi gjorde oss kjende langt utover landegrensene med sine kokekunster formidla på god døladialekt. Han er vår, vi gjev han ikkje bort, og han representerer det vi er. Det var nok ikkje fritt for anna enn at fleire lomværar stilte spørsmålsteikn ved at ein sunnmøring då for nokre år attende ville slå seg til mellom fjella våre og starte bakeri. Vår lange tradisjon for brødbaking og bakst ville nok stikke gilde kjeppar i hjula for møringen.

Ettar kvart som den arbidsame bakaren røykla Fosstugu i tidlege morgontimar og forheksa dølane med si liflege duft langt ut over sentrum, måtte lomværane innsjå at sunnmørsk folkesjel nok har minst like mykje vilje, er minst like gjestmild og kreativ, og treng mykje mindre sømn enn dølen. Vi har alle teke han under vengjene, og no vil vi eige Schakenda like mykje som Brimi. Då bakarmeisteren vår i går fekk tildelt den Nasjonale bygdeutviklingsprisen for 2010, tykte nok ei einstemmig bygd at dette var inderleg vel fortent til ein hardtarbeidande møring -som no vel kan kallast lomvær..?

Sjølv trur eg at hardangersaumen blir liggjande att i syskrinet heime også neste gong eg skal i bryllup, men fru Sundt skulle berre visst kva for mat som i kvardagen blir servert på bakrommet i gammelprestgarden!


Patriotbloggar: Merete

3 kommentarer:

  1. Heisan,
    har egentlig ikke tid,men.jeg bare måtte "innom"dere. Og hva finner jeg?: en
    "arbeidsom blogg".Hmmm...nei,ikke idag!!! Det er godt å ha noen å skylde på iblandt,og idag skal dere 3 supre vise kvinner!, få all skyld for at jeg ikke får gjort det jeg egentlig bør gjøre,idag! Nemlig rydde,vaske hus,stryke noen klær,trimme...osv.osv.osv..det er jo snart jul, og da må man jo gjøre slikt. Eller hur???
    Men..jeg rotet meg inn til dere, og etter ca.3 timer med latter,humring,gjenkjennende nikk og noen tårer,sitter jeg hos dere enda.
    Jeg har sagt det før, og jeg sier det igjen: Dere skriver bare helt fantastisk,alle 3!!!!!!
    Helt tydelig at dere trives sammen i arbeidet på biblioteket!!
    Nå har jeg bestemt meg for å gjøre noe JEG trives med i dag,IKKE husarbeid,men å gå en tur.
    Solen skinner fra skyfri himmel,3 blå grader og en fantastisk utsikt venter meg utenfor døren.
    Jeg skal ut og nyte alt dette nå, og det er deres skyld.!!!! Tusen takk!!! Ser nok innom dere snart igjen!
    Forresten..hva er det egentlig dere spiser der inne på bakrommet???

    SvarSlett
  2. Tusen takk for koseleg kommentar! Dette gjev oss ny giv og grunn til å blogge vidare! Vi prøvesmakte jula her om dagen...

    SvarSlett
  3. Haha! Trur nok ikkje blogginga vår er like arbeidsam som den jobben du, anonyme, har hatt med å lesa han i travel førjulstid :-) Heilt riktig prioritering har du imidlertid gjort, for med 3 grader i lufta kan alt stress liggje på vent til hustregare tider! Fortsatt fin førjulstid til deg!

    SvarSlett