Måndag hadde underteikna ei stund så grom at det reiv i eggstokkane då vi inviterte til babybokprat for dei yngste lomverane. 5 tolmodige golvracerar polerte golvet i barnevadelinga med koseklutar og tøybøker, medan opplyste mødre vart tipsa om nye, gode bøker for småtassane (ja, fedrane dukka ikkje opp denne dagen...) Bokprataren fekk aldri så
lite prestasjonsangst etter kvart som den eine pedagogmammaen etter den andre dukka opp, og innlegget om lesestimulering i tidleg alder vart klokeleg utelate med godt samvet i det akademiske selskapet. Eggstokknykkane roa seg heldigvis også etter kvart som nervane tok over for lengten etter eit tilbakelagt stadium i livet til ei godt vaksen mamma. Men fleire babybokbad har vi meir enn gjerne!Bamsetysdagen er gjennomblogga frå før, men det vart ikkje sagt noko om kampen som utspelte seg i lokalet etter at alle sjuke og skadde bamsar var kurert av den snille doktoren. Då hadde plutseleg alle binnene vondtar både her og der som skulle vore undersøkt av den kjekke kvitfrakken. Men pytt -tre binner i kamp om ein doktor, nei det tykte legen berre var stas, trass i at einskilde var litt meir pågåande enn andre...
Onsdag var det ny frisk med datakurs for seniorar -ein seanse som alltid er like tyleg. Sjeldan kjenner vi oss så kunnskapsrike og hjelpsame som når desse takknemlege seniorane strålar om kapp med kvarandre i iveren etter å lære meir om verda som opnar seg for dei gjennom det nye mediet. Når kurset attpåtil vart avslutta med kaffe og heimbaka rumbrød, var dagen fullkomen. Det spørst berre om det blir att så mange rumbrødsleivar til neste onsdag... God helg! Bloggar: Merete Potete

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar