Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 9. november 2010

Påpp og råkk i november

Det er ein kjend sak at sjefsvisa er ein habil sanger. Ho nynner og syng så fort ho har høve til det - og så fort ho trur ho er einsleg. Men; underteikna har av sikre kjelder fått informasjon om at ho syng for opne dører her på biblioteket også, når ho trur ho er einsleg.. Svigerinna mi har som ein av få fått ta del i ein arie av dei sjeldne, sjefen sang som berre det inne på kontoret, medan svigerinna stod ved skranka og venta til seansen var over før ho tordest kremte og gje seg til kjenne. Det tyda på at sjefen syng vakkert, og høgt!

E såg her ein kveld at vår overordna skreiv på den berømte feisbukken at ho song duett med Odd Nordstoga - i bilen, til glede for to av sine håpefulle! Da kom eg på det heilt store: Neste arrangement på biblioteket må berre bli ein huskonsert - av og med Rita! Eller.., ho kan til nød få ha med seg den andre habile sangeren ved biblioteket, Merete som også er knakandes god i takt og tone, så får vi ein kveld vi seint vil gløyme. Igjen.

Eg sjølv er og rekne som tonedøv, så eg skal ikkje blande meg i sangen, men har lova og ta meg av det praktiske, vera manager som det så fint heiter. Det skal eg greie bra - sjefen held hardt på at det skal vere ein konsert for dei få, men eg har alt gjort avtale med Fjuken sin medarbeidar i Lom, som har lova og dekkje hendinga. Hi hi, som eg gler meg på Rita og Merete`s påpp og råkk!

Ellers er det November, som Odd Nordstoga syng så sjelefullt, denne gongen utan Rita - og snart er det desember - og jul! Her i gamle prestegarden har vi fått fram mange julebøker - iallefall dei med julehobby, julegaver, julepynt, julebakst og julemat.. For ei som ikkje har tenkt så mykje på julevask og bakst enda, får ein den årlege julevekkjaren når ein ser alt det fine ein kan gjera før, og til jul , og som eg føler "alle" andre får gjort, men ikkje eg.. Kanskje eg skal ta med meg ei bok eller to, og sjå om det hjelp.. Tvilsomt, men det er lov og drøyme seg bort i fine bøker uansett!







Ha ein fin november månad, med påpp og råkk, juleførebuingar og andre hektiske oppdrag!

Dagens bloggar: nissejenta Aud

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar