Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 5. oktober 2010

Tjuge ølløv...

Hi hi, sjefen er framleis på reisefot, og dei berømte musevisene som er att her are still going strong!
I desse utan-sjefen-tider tek vi oss mellom anna friheit til og handle inn litt av kvart vi meiner vi treng. Fungerande sjefsvisa har kjøpt nye blyantar, viskelær og blyantkvessar, samt knaggar vi skal henge opp tidlegare omtala gummistrikkar på. Desse strikkane rotar i hop alt småtteriet vi har i skuffene til ein stor uhandterleg bunt. Ein skikkeleg storhandel har ho altså vore ute på.
Og som ikkje det var nok, så har underteikna i dag vore på Bergom og handla nye blomar til inngangspartiet vårt. Dei gamle hadde verkeleg sett sine beste dagar - og får no kvile i fred i ein plastikk-containar ute her. Nye lysande Calluna gjorde seg i pottene våre.
Da tør vi vel snart ikkje bruke meir av pengekassa vår - litt respekt har vi da for ho som er leiar ved Lom folkebibliotek må vite. Kanskje vi rett og slett saknar ho litt nå?

Eller er vi berre prega av at statsbudsjettet har vorte lagt fram i dag - langt ut i ansvarsrekkene og som øyremerka formål eller ikkje - finn ein oss, 3 små vise som er ein bit av den store samanhengen. Sigbjørn Johnsen nemde rett nok ikkje oss i dag, men han la fram forslag til staten Norge sitt budsjett for "tjuge ølløv", deriblant eit forslag til kulturbudsjett - her høyrer altså vi til. Og berre høyr: Det er forslag om meir litteratur til unge: 26,4 millionar kroner i auke til språk, litteratur og bibliotek – herav 19,2 millionar kroner til Nasjonalbiblioteket. 3 millionar av desse skal mellom anna dekke digitalisering og utvikling av digitale tenester i folke- og fagbiblioteka. Støtteordningar frå Norsk Kulturfond til litteratur vert auka med 5 millionar kroner, inkludert auka støtte til litteraturfestivalar og til innkjøpsordningar av ny norsk skjønnlitteratur for barn og unge. I tillegg er det forslag om 2 millioner kroner til innkjøpsordning for dataspel i biblioteka! Her er vi altså på skikkeleg høgde med finansministeren sine visjonar!

Berre vi får heimatt vår eigen finansminister nå, så skal vi nok følgje opp forslaga frå høgaste hald!




 Tjuge ølløv - analytikar: Aud

1 kommentar:

  1. Dette kan jo berre skildrast med eitt ord: rimeleg fantastisk! Dykk fortener kvar ei krone som vert løyvd =). Beate

    SvarSlett