To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 8. oktober 2010

The magic 40...

For snart 2 år sidan fann nokre bibliotektilsette damer i Lom på at dei skulle kaste seg ut i det store, skumle nettet for å nå lånarar og andre som kunne finne kvinnfolka på skjerm. Forsiktige, fornuftige bokomtaler var ein sped start, med mål om å få ein interaktiv blogg der alle kunne bidra med boktips og omtaler. Kommentarane lot vente på seg, interaktiviteten kjendest svært trong ut, og frugene løyste litt på snippen. Smått om senn tok vegen nokre saftige sidesprang og omvegar, av og til med fastkøyring i blindveg, ordspela tok nye former og sjølvtilliten til jentene nådde etter kvart nye høgder. Små intriger på bakrommet vart offentleg utbrodert i meir eller mindre kvasse ordelag, bloggarane skreiv seg ut av det vesle dei før måtte ha av sjølvhøgtidskjensle, slengde til kvarandre med tastaturet i befriande, humorkledd ironi og verkeleg boltra seg i dette nye, vidtfemnande mediet. Før dei brått forskrekka vakna opp av den interne leiken...



Då -etter at bloggen hadde utvikla seg til ei ganske så privat, intern dagbok- poppa det rett som det var inn kommentarar på skribleria, og bloggen fekk til og med faste følgjarar! Prestasjonsangsten tok til å ruske i kvinnfolka, seriøse emne vart diskutert, men drukna kvasst i kaffekoppar og mandeltyggjing. Bloggen hadde funne si form, det var rom for alvor dersom det vart naudsynt, men med mål om å sjå ljost på livet vart det einstemmig vedteke å halde fram med den same ordrike stilen der det var lov å stinge kvarandre litt harmlaust i sida -under føresetnad av at mobbeofferet under lett press godkjende innlegget før offentleggjering.

Etter at to av småjentene no har feira starten på sitt fjerde tiår i livet, har også bloggen nådd 40 følgjarar, ein trufast, liten menneskehop damene verdset utruleg høgt. Dette skal feirast, då ein alltid skal sørgje for å ha noko å feire! Først må vi berre få sendt den verdsvante sjefen over dammen att... Så håpar vi inderleg at sjefen har persa brokleggen og dytta tanngarden godt på plass før møtet med New York.



Bloggar: heimevante Merete

3 kommentarer:

  1. Jeg ble følger nummer 40! Det vanker sikkert en påskjønnelse i den anledning ettersom dere har gjort et poeng av det :-

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Gratulerer, Eldbjørg! Det er klart slikt må markerast! Pauserommet flyt over av mandlar, så kva om vi sender deg ein mandel til kaffen i posten...? Meir seriøs merksemd skal diskuterast i plenum når sjefen er på plass att :-)

    SvarSlett