Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 29. oktober 2010

Noen ganger er det helt ål rait - in the library

Det råda ei lettare hektisk stemning i den gamle prestegarden i går. Tre vise hadde bede inn til "Tre på ein kveld" der tre bøker av tre lokale forfattarar skulle presenterast. Tenk tre nyleg forløyste bøker på ein og same haust, skrive av forfattarar som alle er knytt til denne inste av avkrokar, eller Ottadalen om du vil, eit område som inneheld fleire fjelltoppar enn folk.



Dette tykte vi var vel verd å markere og det gler oss stort at den stolte diktartradisjonen vår etter Aukrust, Jonsson, Bruheim, Skrede og Ørjasæter med fleire, vert halde i hevd. Vi hadde gledd oss lenge! Men dess meir dagen nærma seg, dess meir skjelvne vart vi i flyssene. Kor mange tilhøyrarar ville koma? Fekk vi plass til alle? Vart det nok mat? Og drikke? Nok bøker til sals? Var debutbokbadaren godt nok budd? Ville dei travle forfattarane som hadde reist så langt finne det bryet verd? Neglene vart kortare og kortare for kvart slag som klokka slo.


Men nokre gonger går alt som det skal. Blide tilhøyrar dukka opp, akkurat passe i talet. Morten Schakenda som ikkje kunne stille i eigen person, var gastronomisk til stades gjennom eit tapasbord fyllt til randa av lekkerbiskenar, Magnhild Bruheim og Ragnhild Kolden var humoristisk lettpratande og veldig tilstades. Dei tre vise senka skuldrene og var frydefulle av takksemd for at dei fekk vera med på slik ein vakker kveld. Vi let bileta få tale sitt eige språk og gler oss på fleire slike stunder her i bokheimen. Takk til alle dykk som gjorde dette til ei av dei finaste sidene i minneboka vår.



God helg! Helsing tre vise ved ei av dei

2 kommentarer:

  1. Så spennende! Det er moro med lokal litteratur:)

    SvarSlett
  2. Ja, veldig enig Ba.. eh orsak, fru Storlien:-) Med ynskje om ei urbant god helg frå Barndommens dal

    SvarSlett