Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 26. oktober 2010

"Månljost"

Dette var ei av desse nettene att. Månen kasta trassige, leikne stråler inn gjennom den attstengde persienna og erta den vasne, bustete kjerringa som irritert prøvde å skru rillene nyttelaust til ymse kant -gong på gong. Dyna var alt for kald, tappa varmt vatn på ei tom brisflaske, tærne brende seg, dyna vart for varm, lakenet skrukka seg, brisflaska vart lei av å leike varmeflaske og small i golvet, bustekjerringa skvatt, vart enno meir vaken... Og så dette hersens samvitet som støtt skal jobbe overtid, spesielt i seine nattetimar, når alle pliktoppfyllande medmenneske nyt skjønnheitsvevenen i lange, turande drag... Lista over alt som skal hugsast til morgondagen og alle andre dagar blir nøye gjennomgått, korrigert og oppfriska bak hardt attknipne augo, vel vitande om at knipeøvingar i ledige stunder bør foregå lenger nede i understellet. I same slengen blir også ferdig utførde gjeremål vurdert og evaluert. ...er det rart ein blir skrukkete under luggen og grå i skinnet når svevnen nektar å låse skikkeleg opp døra før alarmen uler gjennomtrengjande på nattbordet?

Prestegards-kvinnene har for tida slengt så mange ballar i lufta at det nok ikkje er håp om god nattesvevn med det første. Barseltreff, datakurs, forfattarkveld, bamsedag og bokpresentasjon har vi visst planlagt neste veke. Ein variert meny med spennande folk og mange utfordringar på lur -som naturlegvis må finjusterast i komande netter. Og det er nett slik vi vil ha det :-) Kjenne at vi lever, at vi betyr noko og kan by ulike folk på ein variert meny. Og midt oppi alt dette, i all tidsknipa og planjaget, kjem den etter kvart så kjende Snøhulemannen godlyndt ruslande inn døra vår og dreg oss ned på eit meir avslappande nivå att. Sverre har vore ein kjend mann for oss i biblioteket i mange år, ja til og med før vi flytta inn i Prestegarden, og han har det aldri travelt når ha  kjem innom. Ein mann som nok legg planar, men aldri stressar, brukar tida si til å filosofere over livet, ta føre seg av naturen og leve i takt med årstidene. Og lese avisene og varme frosne tær og tørke klede på biblioteket på hustrege dagar. Syne oss alle at det går an. At ein til og med kan sove med måneljos fløymande inn over andlet og soveplass, med elva livleg klukkande forbi den opne hola. I går fekk vi filmen om Snøhulemannen, og eg gler meg til å sjå, og forhåpentligvis lære litt, av denne karen og levesettet hans. Kanskje burde eg leggje meg under storgrana bortom hafella i natt...?

Nattranglebloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar